Hopp til innhold

No stengjer fjellovergangane

Statens vegvesen har stengt Vikafjellet og Hol-Aurland på grunn av uver.

I tillegg har eit vogntog sett seg fast på stigninga mellom Borlaug og Breistølen mot Hemsedalsfjellet. Frå 19-tida vart det innført kolonnekøyring med tre timars ventetid.

Også på Filefjell har eit vogntog køyrt seg fast ved Maristova, slik at det er redusert framkjømd der.

– Når det gjeld Vikafjellet, så er det meldt om betre ver att frå kring klokka 20 i kveld. Det er mogleg at det blir opna for kolonnekøyring, men det står att å sjå, får NRK.no opplyst ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Erling Stokkebø, som køyrer brøytebilen på Vikafjellet, fortel om svært dårleg vêr.

– Eg brøyter her no, og det bles godt. Det er null sikt og godt snøføre, seier han.

Også mellom Aurland og Hol var det lenge fare for kolonnekøyring. Like over klokka 17 vart fjellovergangen stengd. Også her på grunn av uver.

– Vinden skal vere stabil på fjellovergangane, men frå kring klokka 19 og utover skal det kome ein del nedbør som kan skape problem, opplyser Vegtrafikksentralen.

Med andre ord kan det vere lurt å følgje med på vegmeldingane frå Statens vegvesen om du skal over fjellet.