Hopp til innhold

Lyna hagla over kyst-Norge

Ekstremvêret «Berit» førte ikkje berre med seg høg sjø, kraftig vind og nedbør. Kring 2 500 lynnedslag er registrert i samband med ekstremvêret.

Lynnedslag i samband med "Berit"

SJEKK: Fredag var den desidert verste lyndagen i samband med ekstremvêret «Berit».

Foto: SINTEF

Flesteparten av lyna kom fredag mellom klokka 10 og 22, viser registreringar SINTEF har gjort.

I løpet av døgnet ekstremvêret Berit trefte norskekysten, vart det åleine registrert 1 998 lynnedslag.

– På sommaren kan vi ha fleire ti tusen på ein dag, men 2 000 lynnedslag på ein dag er mykje til å vere vinterlyn, seier forskar Frank Dahlslett hos SINTEF.

– Litt meir enn vanleg

Torsdag vart det registrert 418 lyn mellom Stad og Tromsø då ekstremvêret bygde seg opp. Fredag hadde innbyggjarane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal allereie stifta godt kjennskap med lågtrykket då den verste lynperioden sette i gang i 10-tida.

Frank Dahlslett

MYKJE: – 2 000 lynnedslag på ein dag på vinteren er mykje, vedgår forskar Frank Dahlslett i SINTEF.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK

Hovudtyngda av dei 1 998 lyna slo ned den neste 12-timarsperioden. Laurdag ettermiddag var det registrert 70 lyn.

– Eit par hundre lynnedslag er normalt for ein vinterdag, så dette er nok litt meir enn vanleg. Samstundes er det vel nesten som venta med eit slikt ver som har vore. Og søndag skal det bli meir, seier Dahlslett.

Ti timar utan straum

Lynnedslaga skal ikkje ha ført til utkoplingar på sentralnettet som Statnett har ansvar for. Derimot har det vore mange straumutkoplingar på regionalnettet som dei lokale leverandørselskapa har ansvar for.

Lyn-registreringer 26. november 2011.

NÆR 2 000: Her er lynnedslaga som SINTEF registrerte fredag 26. november.

Foto: SINTEF

I Sogn og Fjordane var Batalden utan straum i nær ti timar. Driftsingeniør Roy Landsverk hos Sogn og Fjordane energi, seier han ikkje har tal på kor mange utkoplingar dei har hatt. Men vedgår det har vore hektiske dagar.

– Vi har hatt veldig mange utkoplingar i både kortare og lengre periodar. Vi har måtte bytte ut tre transformatorar og måtte inn med ekstra personell for å ta unna, seier han.

Ni trafohavari

Også Sunnfjord Energi har hatt sitt fulle hyre med å halde tritt med «Berit». Fredag kveld gjorde eit lynnedslag omfattande skader på eit bustadhus i Flora.

– Vi har hatt ni trafohavari sidan fredag morgon, men har hatt montørane jamt og trutt ute for også for å skifte sikringar. Likevel har det ikkje vore så hakkande gale. Vi har hatt verre lyndagar enn dette, seier overordna vakt hos Sunnfjord Energi, Konrad Espeland.

Kraftigare lyn

Dahlslett seier lynnedslaga vinterstid er kraftigare enn på sommarstid.

Godverslyn, som kjem om sommaren, kjem frå høgare skydekke og gir frå seg det som blir omtala som negativt lada lyn.

– På vinterstid kjem nedslaga frå lågare skyhøgd. Skilnaden er at då kjem heile ladningen i ein kraftig puls, som gjer at lynnedslaga har potensial til å gjere større skade, fortel Dahlslett.

199 000 amper

Dahlslett tok ein rask kikk over lynnedslaga frå Sunnmøre til og med Sogn og Fjordane. Det kraftigaste lynnedslag var på 199 000 amper, og slo ned i sjøen like nord for Stadlandet.

Eit middels lyn om sommaren ligg på kring 10 000 amper.

– Men du har kraftige lynnedslag på land også. Eg sit og ser på kring 250 av lyna fredag. Eit nedslag midt i Førde klokka 21.31 målte 29 000 amper. Du har også lynnedslag på opp til 155 000 amper, seier han.