Hopp til innhold

Uveret gir ikkje opp Vestlandet

Etter nok eit vått døgn, står nok ikkje meir uver høgt på ynskjelista til vestlendingane.

Slik såg det ut frå Ulvesund fyr og utover Stadhavet søndag ettermiddag.

I DAG: Slik såg det ut frå Ulvesund og utover Stadhavet søndag ettermiddag.

Foto: Bjarne Eldevik

Diverre er det akkurat det som vil prege dei neste dagane. Likevel, lyspunktet er at det aller verste er over. For denne omgang.

– Det blir langt frå like ille som det vi har sett no, men det blir mykje vekslande vind og nedbør dei kommande dagane, seier statsmeteorolog Steinar Skare ved vêrvarslinga i Bergen.

Nytt lågtrykk på veg

Med sine 61,8 millimeter nedbør, var Fjærland våtast i fylket det siste døgnet. Det var likevel langt frå den våtaste staden i landet. I Ullensvang i Hardanger registrerte dei 94,7 millimeter, medan det i Rogaland vart målt opp mot 115 millimeter.

I kveld feiar eit nytt, kortvarig, men ekstremt lågtrykk innover Sør-Norge. Sogn og Fjordane slepp greitt ifrå det. I denne omgang.

– For Hordaland og Sogn og Fjordane sin del er det meldt liten storm. I Rogaland derimot er det venta full storm, og kanskje opptil liten storm i innlandet, seier Skare.

Snøfall

I Sogn og Fjordane dreier vinden over på nordleg retning og vil utover ettermiddag og kveld minke i styrke. Skydekket vil sprekke opp, men Skare seier ein framleis må rekne med bygeaktivitet.

Nedbøren kan også kome i form av snø. Først over 200 meter, men seinare heilt ned i låglandet i indre strok.

– Dette er forbigåande og nedbøren vil gå over att til regn att måndag. I fjellet kan det derimot gå mot ein kjøligare vertype slik at snøen legg seg, seier Skare.

Våt tysdag

Tysdag derimot, ser ut til å bli ein ny våt dag i fjordfylket.

– Då kan det kanskje bli opp mot liten storm på kysten, men det kan bli ganske mykje regn, seier Skare og meiner ein ikkje skal vere for trygg på at hauststormane har gitt seg med dette.

– Men ser ein på langtidsprognosane, så er det ikkje venta noko særleg kraftige stormar den første veka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.