Fylkestinget må tenkje i nye baner når dei skal diskutere linjevalet for E39 gjennom Nordfjord.
Dei arrangerer eit ekstraordinært fylkestingsmøte for å diskutere Vegvesenet si avgjerd som var i strid med politikarane sine tidlegare uttaler.
Ueinige med Vegvesenet
Fylkespolitikarane har tidlegare uttalt at dei føretrekkjer dagens trasé over Anda-Lote, men Vegvesenet tilrådde at E39 i staden bør gå gjennom Stryn.
- LES OGSÅ: Vegvesenet vil ha E39 via Stryn
– For oss har Anda-Lote heile tida vore eit klart linjeval, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes.
- LES OGSÅ: Skulle feire med kake - blir sørgjekake
Statens vegvesen har konkludert med at tunnel under Utvikfjellet og fjordkryssing ved Svarstad i Stryn er å føretrekkje framfor dagens trasé over Anda-Lote.
No må fylkespolitikarane vurdere Vegvesenet si tilråding.
– Alle må få høve til å legge fram sine synspunkt, og vi må vurdere dei faglege argumenta i det ekstraordinære fylkestingsmøtet, seier Kjelsnes
Kartet er henta frå Vegvesenet sin rapport
Usikre på utfallet
Ifølgje Åshild Kjelsnes er det svært usikkert kva Vegvesenet si tilråding vil ha å seie for fylkespolitikarane si innstilling.
Debatten om nye E39 er ei kontroversiell sak for fylket, og det vert ikkje mindre vanskeleg av at Vegvesenet konkluderte annleis enn fylkespolitikarane har gitt uttrykk for.
- LES OGSÅ: Transportnæringa jublar over E39
- LES OGSÅ: Debatten rasar på nettet
– Saka blir diskutert heftig i partipolitiske grupper, og vi har mange møter i forkant av fylkestinget no, seier Kjelsnes.
Vegvesenet kan få medhald
Vegvesenet si tilråding er ikkje eit vedtak. Linjevalet er no i ei omfattande høringsrunde for politikarane i fylket, og saka vil til slutt bli avgjort av Stortinget.
Då Vegvesenet presenterte si tilråding i Ørsta 22. november, uttalte samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa at Vegvesenet si tilråding er viktig for avgjerda.
–Samferdselsdepartementet vil legge mykje vekt på Vegvesenet sin konklusjon, i tillegg er det viktig å lytte til dei som lever og bur i områda som blir påverka, seier Kleppa.