Hopp til innhold

Buss køyrde seg fast og stansa Lavik-Oppedal

Då bussen skulle køyre ombord i ferja «Gloppen», vart han sitjande bom fast. Dermed gjekk heile ferjesambandet Lavik-Oppedal i stå.

Buss kilte seg fast i ferjelem

FAST: Bussen kilte seg fast i ferjelemen då den skulle ombord i ferja.

Foto: Per Vik

– Det er høg flo, og idet bussen køyrde over lemmen miste drivhjula kontakt med underlaget, forklarer augevitne Per Vik.

Det var ved avgangen klokka 12.30 frå Oppedal dette skjedde, og det gjekk over ein time før dei fekk bussen laus att. Hekken sat bom fast i asfalten på ferjekaia.

Det er berre ein ferjelem på Oppedal, og dermed kom heller ikkje den andre ferja på sambandet til kai. Med andre ord var det full stopp i vel ein time på det sterkt trafikkerte sambandet.

No er sambandet i gang att

Men om lag klokka 13.40 kunne ferja legge frå kai, etter at ein tankbil fekk drege bussen av ferja, fortel Torbjørn Vik i Fjord1 Fylkesbaatane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Buss kilte seg på Oppdedal ferjekai

EIN TIME: I kring ein time stod all trafikk stille på ferjesambande Oppedal - Lavik.

Foto: Per Vik

Men medan dette pågjekk hopa det seg opp med bilar både i Lavik og Oppedal.

– Det står sikkert hundre bilar og ventar, og det kjem stadig fleire, fortalde Per Vik, som var mellom dei som ikkje kom seg over fjorden.

– Må smørje oss med tolmod

– Er det amper stemning?

– Nei, eg har iallfall ikkje merka noko. Det er berre å smørje seg med tolmod, vi er trass alt i Sogn og Fjordane...

Bilferja Gloppen er annleis konstruert enn dei andre ferjene og er meir utsett for slike problem som oppstår når det er høg flo. Ferja vart i si tid kjøpt frå Rutelaget Askøy-Bergen.

Bilferja Gloppen legg til kai i Oppedal. Arkivfoto.

Bilferja Gloppen legg til kai på Oppedal. Arkivfoto.

Foto: Ottar Starheim / NRK