Hopp til innhold

Vogntog-kaos på svært glatt fjellovergang

På det meste stod åtte vogntog fast på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet grunna svært glatt føre.

Fleire lastebilar står faste på Hemsedalsfjellet

PROBLEM: Fleire lastebilar har torsdag føremiddag fått problem på veg opp på Hemsedalsfjellet. Mange skal ha fått problem trass i at dei brukte kjetting.

NRK.no får frå fleire hald opplyst at det er svært glatt på Hemsedalsfjellet, og fleire av vogntoga som fekk problem på fjellovergangen, har hatt kjetting, men har slite desse av.

Brøytemannskapet har grusa for harde livet for å gjere vegen nokolunde farbar. Lenge var vegen stengd for større køyrety.

Like før klokka 14.45 får NRK opplyst at kaoset er i ferd med å løyse seg opp og vegen er opna att.

Køyrde av seg kjettingane

– Eitt vogntog fekk trøbbel mellom Holesvingane og Breistølen. Når dette vogntoget vart ståande fast, førte det til at sju andre vogntog som kom like etter, vart ståande fast, seier vakthavande hjå Vegmeldingssentralen 175, Jan Erikstad.

To av vogntoga er utanlandske, men begge to skal ha hatt kjettingar. Det skal også fleire av dei andre vogntoga som står fast.

– Det skal vere svært glatt på staden, og det verkar som om vogntoga har vore greitt skodde. Men dei har lite last og då vert det litt lite trøkk på drivakslingen, seier Erikstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nytt Borlaug

HELD ATT STORE BILAR: I Borlaugkrysset vert personbilane dirigerte forbi, sidan det berre er passasje for småbilar der vogntoga har køyrt seg fast.

Foto: Webkamera

Mindre bilar kan passere

Ein servicebil skal vere på plass, samt at bergingsbil frå Lærdal er på veg.

Det er redusert framkomst på staden, men personbilar kan passere. Ein mann står i Borlaugkrysset og dirigerer personbilane forbi, medan ein held att vogntoga.

Kor lang tid det vil ta å få tungtransporten i gang at, er førebels uvisst. Grusebil skal no ha fått grusa ganske grundig på strekninga.

– Men det er glatt i området, så vert ein ståande, kan det vere krevjande å komme i gang att, seier Erikstad.

– Det blir fort problem

Anders Frydenlund i Viking Lærdal vart kalla ut for å få rydda opp i kaoset. Han fortel at vegen opna att like før klokka 14.45.

– No har eg drege opp to bilar og skal dra opp ein siste. Dei andre bilane har kome seg i gong att for eiga maskin, seier Frydenlund til NRK.no.

Han fortel at problema fort balla på seg når den første bilen fekk stogg.

– Då blir det mange andre som får stogg fordi dei ikkje kjem forbi, og då blir det litt kaos, seier Frydenlund.

– Veit ein noko om kvifor den første fekk stogg?

– Den var nok truleg ikkje skodd etter forholda, seier den erfarne redningsbilsjåføren.

Det er venta at vêret skal bli dårlegare og av erfaring trur Frydenlund det kan bli meir problem utover ettermiddagen og kvelden. Han har ei klar oppmoding til bilistar som skal over fjellet.

– Ein bør sko seg godt nok, og for vogntog er det kjetting.

Kaos på Hemsedalsfjellet

KAOS: Når først ein bil sette seg fast like ved toppen av bakken, var det raskt fleire som fekk same problem.

Foto: Anders Frydenlund