Hopp til innhold

Kan få to Førde-lag i finale

Både dame- og herrelaget til Førde Volleyballklubb spelar semifinale i cupen denne helga.

Førde VBK - damer 2011
Foto: Førde VBK

Begge skal møte universitetslag. Damelaget spelar mot UiS Volley i Stavanger laurdag, medan herrelaget har heimekamp mot NTNUI Volley frå Trondheim søndag.

På papiret er begge laga til Førde Volleyballklubb favorittar. Damelaget vann seriekampen mot UiS i Stavanger for ei veke sidan med 3-0 og med klare settsiffer ( 25-15, 25-17 og 25-11).

Førde volleyball sitt damelag (trenar Mathias Haug til venstre).

Mathias Haug instruerer spelarane på damelaget.

Foto: Rune Fossum (MMS) / NRK

– Har utvikla oss kolossalt

Men trenar Mathias Haug trur dei møter sterkare motstand denne gongen.

– I seriekampen var UiS godt under sitt vanlege nivå, og dei kjem nok til å vise seg frå ei anna side i cupkampen.

I årets første seriekamp i Førde vann UiS 3-2 over Førde VBK.

–Men etter det har vi utvikla oss kolossalt.

Nye og gode spelarar

Damelaget til Førde VBK har i det heile hatt ei svært god stigning dei siste åra. Det er ikkje mange år sidan laget låg i 2. divisjon. Etter fire år i 1. divisjon vart det opprykk i år.

– Ein av grunnane til at vi gjer det godt er at vi har fått inn nye og gode spelarar, m. a. nederlandske Ellen Bijsterbosch, i tillegg har vi fleire frå andre kantar av landet som går på Sunnfjord Folkehøgskule.

Herrelaget favoritt på heimebane

Herrelaget møter leiarlaget i 1. divisjon avdeling B. NTNUI Volley har ikkje tapt ein seriekamp enno, men i ei turnering i haust tapte dei for andrelaget til Førde VBK, og det skal vere nivåskilnad mellom toppen av eliteserien og toppen av 1. divisjon.

Men teori er ein ting, noko anna er å få det til på bana.

(Artikkelen held fram under biletet).

Førde VBK Herrar 2011

Herrelaget til Førde VBK 2011.

Foto: Førde VBK

– Må vere skjerpa

Herretrenar Frank Kalstad er klar på at NTNUI er eit lag Førde bør slå.

– Men vi må vere skjerpa, for dei har mange gode spelarar, m. a. Jon Arnesen som spela på Førde i fjor.

Kalstad må unnvere Morten Kvamsdal i semifinalen, og så håpar han å kunne spare Mathias Loftesnes, som slit med eit vondt kne.

– Men vi har gode erstattarar, så vi mønstrar eit godt mannskap.

Håpar på mykje publikum

Kalstad håpar på godt publikumsoppmøte, for det har mykje å seie.

– Det har vore litt varierande kor mange som har kome for å sjå kampane våre. Men når det er viktige kampar plar vi ha god hjelp av eit entusiastisk og talrikt heimepublikum, og det håpar vi på denne gongen og.

Herrelaget til Førde VBK har vore i finale tre gonger før, i 2007 og i år enda det med cupmeisterskap. Finalen denne sesongen går i Oslo 21. januar.

Førde vann cupfinalen

Jubel då Førde vann cupfinalen i januar 2011.

Foto: NRK

– Ikkje teikn på dårleg nivå

Dersom Førde VBK skulle få både dame- og herrelaget til finale vil kanskje enkelte tolke det som eit teikn på at nivået i norsk volleyball ikkje er det heilt store. Men dei to Førde-trenarane ser det ikkje slik:

– Det har mest å gjere med at vi i Førde VBK har jobba svært godt og målmedvite dei siste åra. Mange talentfulle spelarar kjem hit fordi dei veit at her kan dei utvikle seg vidare. Nivået i norsk volleuballe er iallfall ikkje blitt dårlegare dei siste åra, seier dametrenar Mathias Haug.

– Nivået i norsk volleyball er stigande, seier herretrenar Frank Kalstad. Når Førde VBK gjer det så godt så kjem det av at vi jobbar knallhardt for å bli betre. Treningsmengda vår er ikkje noko å vere skjemd av samanlikna med andre ballidrettar, enkelte av spelarane våre trenar 20 timar i veka.

Kalstad minner og om at Førde i fjor vart nordisk meister.