Hopp til innhold

Førde-damene klare for cupfinale

For aller første gong er damelaget til Førde Volleyballklubb klare for cupfinale. Trenar Mathias Haug er nesten utan ord etter prestasjonen.

Førde volleyball sitt damelag (trenar Mathias Haug til venstre).

VIDARE: Med siger i semifinalen er damelaget til Førde VBK no klare for cupfinale.

Foto: Rune Fossum (MMS) / NRK

Med 3–1 siger over UiS på bortebane laurdag ettermiddag kan jentene og trenar Mathias Haug sleppe jubelen laus.

– Dette er berre heilt fantastisk! Det er berre så gøy, og ja, vi har det veldig fint akkurat no, seier ein overlukkeleg Haug til NRK.no etter kampslutt.

Starta best

Etter at Førde starta kampen med trygg siger 25–18 i første sett, kom UiS tilbake i andre sett og vann 25–23. Men i det to siste setta var det igjen Førde som var i førarsetet. Dei to siste setta enda 25–20 og 25–12.

– Vi har hatt fokus framfor kampen på at vi skal spele vårt spel. Vi skal tenkje på oss sjølve, og det klarte vi også i første sett, seier Haug.

Men i andre sett vart Førde-laget litt defensive og UiS fekk ta seg inn att i kampen. Etter ein dårleg start også på tredje sett klarar Haug og laget igjen å snu kampbilete.

– Etter dette klaffar alt for oss, og det er berre eitt lag på bana. Då spelar vi på veldig høgt nivå, seier Haug.

Til finale for første gong

Det er aller første gong damelaget til Førde VBK er klare for cupfinalen. Haug tok over som trenar for elitelaget før sesongen og er heilt over seg av begeistring for det laget no har fått til.

– I volleyball er cupen det aller største, og det å komme til finalen, det er noko vi ikkje ein gong hadde drøymt om. Og no er vi der, seier Haug glad.

Han har nesten ikkje ord for prestasjonen, og har heller ikkje mykje stemme att etter å ha stått på sidelinja og heia fram laget sitt. No har han halvanna månad på seg på å få stemma tilbake til dei møter Oslo Volley i finalen.

– Oslo blir nok storfavorittar, men vi må gjere vårt yttarste med humør og vilje. Med vilje kan ein nå langt, seier Haug og legg til:

– Vi er slett ikkje sjanselause. Ein har aldri tapt ein kamp før den er spelt ferdig.