Hopp til innhold

Trafikkulukke ved Movika på E39

Ein 24 år gammal mann vart send til sjukehus etter ei trafikkulukke ved Movika på E39 like utanfor Førde.

Trafikkulukke ved Movika

VELTA: Varebilen vart liggande på sida i vegbana.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Politiet fekk melding om ulukka klokka 07 måndag morgon. Alle redningsetatane vart sende ut.

Politiet visste lenge lite om kva som hadde skjedd. Men det viste seg at det var ein varebil som hadde kvelva og vart liggande på sida i vegbana.

Like før klokka 07.30 fekk NRK opplyst ved AMK at den eine personen som var i køyrtyet sat fat i bilen. Det var ukjent om vedkommande sat fastklemt, eller om han sat fast i selen.

Vel 25 minutt seinare var personen frigjort frå bilen, og send til sjukehus med ambulanse.

Det er førebels ukjent kva skader personen har fått. NRK sin reporter fekk opplyst av mannskap på staden at personen skal ha vore bevisst så han vart send til sjukehus.

AMK opplyser til NRK måndag ettermiddag at den 24 år gamle mannen er lettare skadd, og ligg på intensivavdelinga.

Det snødde kraftig i området. Vegen var stengd, og det danna seg nesten fleire kilometer kø på kvar side.

Klokka 08.25 opna vegen slik at trafikken kunne sleppe forbi.

Kø ved Moskog på E39 utanfor Førde

Det danna seg lange køar på begge sider av ulykkesstaden.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.