Hopp til innhold

Bil kolliderte med lastebil

E39 ved Sande var ved 12.30-tida stengd, etter at ein bil og ein lastebil kolliderte på staden.

Personbil kolliderte med lastebil på E39 ved Sande

KOLLIDERTE: Personbilen kolliderte med ein lastebil, og føraren måtte til lege for ein sjekk.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Personen som sat i bilen vart frakta til lege, opplyser Einar Vereide ved operasjonssentralen til NRK.no.

Etter det NRK forstår, skal vedkommande vere tilsynelatande i fin form.

E39 var delvis stengd sør for Sande sentrum, medan bilberginga rydda opp på staden. Det var lenge manuell dirigering, og dermed passasje for personbilar.

Klokka 14:10 var E39 igjen open for fri ferdsel.