Hopp til innhold

Eksordførar vil stengje E39

Eksordførar i Naustdal, Jan Herstad, meiner E39 bør vurderast stengt i ekstreme vêrsituasjonar.

Vinterføre på E39

STENG: Etter uhell og ulukke oppstod det kilometerlange køar på E39 mellom Førde og Jølster.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Etter fleire uhell og trafikkulukker mellom Førde og Jølster i dag, innførte politiet kjettingpåbod for alle tunge køyrety.

Tankbilsjåfør Jan Herstad trur ikkje det er nok og meiner Statens vegvesen rett og slett må vurdere stenging av strekka.

– Når det kjem så mykje snø at den som brøyter ikkje klarer å ta unna og brøyte ut, så må ein vurdere andre tiltak rett og slett av tryggleiksgrunnar, seier den tidlegare ordføraren i Naustdal.

– For smalt

Jan Herstad

STENG: Tankbilsjåfør Jan Herstad.

Foto: NRK / NRK

Herstad meiner vegen, med unntak av strekka Vassenden–Bjørset, er for smal. Når snøen legg seg raskare enn brøytemannskap får den ut av vegen, skaper det store problem når store vogntog møtest.

– Problemet er at i høve den store trafikkmengda som er på E39, så er vegen altfor smal. Når store vogntog møtest så må vi rett og slett ut i brøytekantane for å passere og det er ei kjempeutfordring, seier han.

Mykje snø og trafikk

Han vil ikkje påstå at dagen i dag var den verste på strekka, men konstaterer at det var store problem mellom Førde og Jølster. Både trafikkulukke og trafikkuhell skapte i føremiddag kilometerlange køar på stamvegstrekka.

Herstad er klar over at det er eit lite populært framlegg, og presiserer at han ikkje meiner at brøytemannskapa gjer ein dårleg jobb.

– Det handlar først og fremst om tryggleik. Når det snør kraftig og er stor trafikk, så er det ei kjempeutfordring å brøyte, seier han.

Fleire ressursar

– Men det er klart at det ville nok ikkje blitt populært å vente opp mot eit par timar til det verste er over, seier han og meiner ein alternativt til stenging burde sett inn fleire ressursar på brøytinga i periodar med mykje nedbør.

Seksjonsleiar Margot Aasebø i Statens vegvesen seier ho i prinsippet er samd med Herstad, men seier det er høg terskel for eit slikt tiltak.

– Er det ikkje forsvarleg med trafikk på vegen, så er det betre å stengje. Men det var ikkje tilfelle i dag, seier ho.

Skjer kvart år

I fjor tok entreprenørane sjølvkritikk for dårleg vintervedlikehald, men Aasebø meiner dei i år er betre rusta for å takle snøen.

Aasebø meiner bilistane heller bør ta tida til bruk.

– Første snøfall kjem som jula på kjerringa kvart år. Folk må sko seg etter forholda, køyre forsiktig og bruke litt lengre tid enn ein vanlegvis gjer. Inntrykket er at mange reknar same køyretid på vinterføre som på berr vegbane og alle veit at veggrepet ikkje er det same, seier ho.