Hopp til innhold

Slik var dagen for redningsbilane

Første snøfall kjem alltid som julekvelden på kjerringa. I år var ikkje noko unntak.

Arild Tistel ved Førde Bilberging

HEKTISK: Arild Tistel ved Førde Bilberging fortel om ein hektisk desemberdag måndag.

Foto: Simon Solheim / NRK

Bilistar over store delar av fylket har hatt store problem på vegane. Størst var nok problema i Sunnfjord, der Førde Bilberging noterte seg for nærare 30 bergingsoppdrag.

– Vi har vore ute med alt tilgjengeleg mannskap og utstyr. Vi har vel hatt fire-fem bilar på gang, men dette er typisk ved første snøfall. Då står alt på hovudet, fortel Arild Tistel.

Blir is i kø

Mellom Førde og Jølster stod trafikken i store delar av føremiddagen måndag. Først på grunn av ei trafikkulukke, så på grunn av eit vogntog som sklei i grøfta.

– Når uhellet første er ute, og det blir kø, så blir det fort is under bilar som står på tomgang. Det var vel helst det som var årsaka til at vogntoget sklei i grøfta. At det automatisk vart is på grunn av varmen frå vogntoget, meiner han.

Meir hektisk i fjor

Tistel legg likevel til at det var meir hektisk ved første snøfall i fjor, enn det var i år. I år har seks tunge køyrety og over 20 småbilar måtte få hjelp av Førde bilberging.

– Vi hadde kanskje litt meir tungt i dag enn i fjor, og det er ofte det som er mest tidkrevjande, seier Tistel.

Politiet opplyser at dei frå klokka 07 til 17 måndag fekk melding om 15 trafikkuhell. Tre av desse var med personskade. Seint på ettermiddagen melde bilistar og politi om kaotiske tilstandar også på riksveg 5 mellom Fjærland og Sogndal.

Video Glatte vegar

SJÅ TV-SAKA: Første snøfall og glatte vegar.

Ingen skade på bilar

I tillegg har det vore fleire uhell som politiet ikkje har høyrt om. Viking i Lærdal fortel om ein hektisk, men likevel langt rolegare dag enn før helga med ni oppdrag. Hovudsakleg store køyrety.

Oddvar Nyland hos Viking Byrkjelo meiner fem oppdrag første snøfall ikkje er så gale.

– Eg trur det har hjelpt litt på at det har vore så mykje fokus i media på dette. Det kan sjå ut som om folk tek det meir piano. Det har vore glatt, men ikkje store skader på dei uhella som har vore. Ikkje ein gang ein plaststøtfangar er blitt øydelagd, seier han.

Starta dagen 0430

Tre bilførarar vart skadde i tre av uhella måndag.

Georg Piel hos Viking Stårheim seier dagen har vore fullbooka for deira mannskap sidan klokka 0430.

– No kom vi inn att for ein times tid sidan, og har vel hatt nær ti oppdrag. Det har heldigvis gått forholdsvis bra i alle uhella, seier han. For Jan Bernhoft hos Jans Bilberging i Stryn starta dagen klokka 06.

Hektisk i Stryn

Då NRK.no snakka med han i 21-tida var dagen framleis ikkje over.

– Eg har for vel ikkje hatt tid til å ete. Det har blitt ei pølse, ein sjokolade og noko vatn. No er eg på veg til Hellesylt, seier han og fortel om seks store oppdrag, samt fire-fem oppdrag med småbilar.

– Det kom 60 centimeter snø hos meg i natt, og når det slår om til regn, så seier det seg sjølv at det blir kaos, seier han.