Hopp til innhold

Semitrailer vart liggande i grøfta

Ein utanlandsk semitrailer fekk store problem på det norske vinterføre tysdag føremiddag.

Semitrailer i grøfta

I GRØFTA: Her enda turen for den utanlandske semitraileren.

Foto: Jan Ivar Vik

Den utanlandske semitraileren var på veg vestover på riksveg 15 i Stryn då den av ukjent grunn køyrde i grøfta ved Svarstadsvingane.

Bilen har lagt seg heilt ute i grøfta og kviler no opp etter fjellsida. Politiet kom raskt til staden og har drive med manuell dirigering av trafikken.

Bilberging er kome til staden og vil etter kvart få drege bilen på vegen att.

Politiet har tysdag føremiddag også fått melding om eit større køyrety som har fått stogg på veg opp Utvikfjellet på Utvik-sida. Bilen skal stå fast i oppstiginga, og må ha hjelp av bilberging. Her skal det berre vere passering for mindre køyrety.

Det er ikkje meldt om personskade i samband med hendinga.

Semitrailer i grøfta

POLITI: Det var manuell dirigering på staden etter utforkøyringa.

Foto: Jan Ivar Vik