Hopp til innhold

– Burde tenke på kvar han kjem frå

Vegforkjempar Rolf Olav Tenden vert provosert av at Støyva støttar E39 gjennom Eid, samstundes som han jobbar for Stryn kommune.

Støyva går imot E39 gjennom Stryn
Foto: Montasje / Nrk

Støyva gjentok til Nrk i dag at han meiner Anda–Lote framleis er eit betre alternativ enn Stryn, når framtidas E39 skal byggjast.

– Tidlegare Stryneordførar Nils P. Støyva sviktar heimkommunen når han frontar kampen for E39 via Anda-Lote, seier vegforkjempar og lastebilsjåfør Rolf Olav Tenden.

Provosert

Tenden er overraska over at Støyva som tidlegare ordførar og på veg inn i ny konsulentstilling, seier dette. Han er provosert over Støyva si rolleblanding.

– Eg vart vekt av telefonar og tekstmeldingar frå folk som lurer på kva som skjer. Han burde tenke på kvar han kjem frå og jobben han har i Stryn kommune i dag, seier Tenden.

Støyva er tidlegare ordførar i Stryn og jobbar i dag i ei 60 prosent stilling som næringsutviklar i Stryn kommune. I dag tidleg uttala han seg derimot som fylkesleiar i Arbeidarpartiet, og fronta E39 via Anda Lote, ikkje via Stryn slik Vegvesenet anbefaler.

Skjønnar kritikken

– Eg kan skjønne at folk vert irriterte når eg ikkje går for det standpunktet som heimkommunen min har, seier Støyva.

Han syns samstundes det er viktig å skilje kva roller ein har.

– Eg er fylkesleiar i Arbeiderpartiet, og når eg uttalar meg i media må eg ta på meg hatten som det, og flagge det som partiet har sagt i valkampen, seier han.

Støyva meiner det er uproblematisk at han jobbar med næringsutvikling i Stryn, samstundes som han kjempar for E39 via Eid.

– Samferdsle ligg ikkje til den delen av næringsutvikling som eg jobbar med, seier han.

– Rart

Tenden vedgår at han sjølvsagt ser på vegstriden med Stryne-auge, men held fast på at E39 via Stryn er det beste.

– Vi kjempar for det beste og raskaste alternativet. Støyva skal jobbe for indre Nordfjord og Stryn kommune, då er det rart at han støttar eit midtre alternativ, meiner han.