Hopp til innhold

Slik overlever du julestressset

Mange kjenner på det no i desember, nemleg førjulstresset. For mange er det slitsame dagar med kakebaking, husvask og julegåvehandel. Nakkemusklane blir stive som betong og døgnet har for få timar.

Det er nok av stressmoment i den hektiske førjulstida. Korleis kan vi klare å stresse ned?

Programleiar i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane, Gro Ravnestad, ville finne ut nettopp det. Ho inviterte massør Astrid Berqvam og fysioterapeut Harald Grytten til studio. Med seg hadde dei massasjebenk, olje og nåler.

Start i god tid, då blir stresset mindre. Med stor familie i hus har eg god erfaring med det

SMS-innsendar i morgonsendinga

Strikkande bestemødrer

Massør Berqvam merkar ein auka pågang av kundar no før jul.

– Det er mykje å førebu. Gåver skal handlast inn og huset skal vaskast. Alt stresset festar seg fort i nakken og hovudet. Dette forplantar seg utover i kroppen og den stivnar til, seier ho.

For å finne roen går eg en tur i det fri. Det er godt både for kropp og sjel.

SMS frå Jonny

Og det er ikkje berre travle småbarnsmødrer som heng i strikken i desse dagar. Berqvam fortel om ho har både menn og kvinner som kundar, og ikkje minst bestemødrer.

– Mange av dei strikkar julegåver til barnebarna i desse dagar. Dei strikkar gjerne med skuldrene til oppunder øyra. Og dette statiske arbeidet merkast på muskulaturen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Massasje

MASSASJE: Stive og ømme musklar blir løyste opp av Astrid Berqvam.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Viktig å vere positiv

Ho seier det er viktig å vere positiv til behandlinga, elles strittar kroppen imot. Når kundane kjem til massøren, prøver ho å løyse opp problemområda.

– Eg gjer så godt eg kan for å hjelpe dei ved å massere der det er ømt og vondt.

Ein av dei som kjenner seg stressa, stiv og støl er journalist Erlend Blaalid Oldeide. Han er innom i studio med ei vond skulder. Han legg seg på den medbrakte benken som massøren har med. Dufta av lavendelolje spreiar seg. Dette er ein olje som skal ha roande effekt.

– Når eg masserer han, blir han raud på ryggen. Det er ei teikn på at han treng massasje.

Det gjer bra å få trykk på muskulaturen, og Berqvam seier ein gjerne må be kona, mannen eller andre om å massere ein litt.

– Det er viktig å ta problem på alvor, elles kan det utvikla seg til meir alvorlege problem.

(Artikkelen held fram under biletet)

Akupunktur

NÅLER MOT STRESS: Akupunktur påverkar nervesysmet og kjemien i kroppen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Snømåking og gåvehandel

Fysioterapeut Harald Grytten seier også han merkar stressa førjulskundar.

– Det er så mykje no for mange, med julegåvehandel, glatte vegar og snømåking. Tida strekk heller ikkje til i desse dagar.

Mange av kundane hans ønskjer akupunktur for å bli kvitt plager. Grytten seier at det er viktig å finne ut kva som er årsak til plagene.

– Eg har ein samtale for å finne ut kva som er gale. Det er viktig å finne ut om det er mangel på bevegelse eller gjentekne bevegelsar over tid. Eller er det snøveret, måking, julestress eller vakenetter med små born.

Hei! Gå på julekonsert, nyt musikken, senk skuldrane og la tonane av julemusikk jage vekk stresset (for ei lita stund) :)

Godt råd frå ein lyttar

Viktig å førebyggje

Han meiner at uansett kva behandling folk vel, er det viktig å finna årsaka til stresset.

– Skal ein førebyggje, må folk gjere ein del sjølv. Men vi menneske lever i eit tid der vi helst betaler oss ut av det. Vi kan gå til doktoren å få ei pille for å roe ned eller få massasje eller akupunktur. Men ofte må vi ta andre grep, setje av tid til seg sjølv, trene litt og kanskje prioritere litt annleis i kvardagen. I praksis er det ikkje alltid så enkelt å få til.

Får ein valiumeffekt

Blaalid Oldeide får også prøvd nåler og seier etterpå at han kjenner at både dei og massasjen hjalp.

– Eg føler meg betre no, seier han.

Grytten seier at akupunkturnålene påverkar nervesystemet og kjemien i kroppen vår.

– Ved å bruke nåler får vi ein valiumeffekt, men utan biverknader. Men nålene i seg sjølv er ingen problemløysar, vi må tilbake til årsak og samanheng. Vi må ha meir fokus på å slappe av.

Dette saman med eit godt kosthald, trening og god pusteteknikk, kan vere med å senke stressnivået no før jul. Til slutt har han eit godt råd no i førjulstida.

– Ta det med ro, det blir jul uansett.

Astrid Berqvam og Harald Grytten

EKSPERTANE: Astrid Berqvam og Harald Grytten har gode råd i ei stresse førjulstid.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK