Hopp til innhold

Sande droppa klimakonferanse - drog heller på safari

Stortingsrepresentant Erling Sande frå Sogn og Fjordane var ein av politikarane som droppa klimaforhandlingar og drog for å sjå sjiraff og elefant i staden.

Erling Sande

DROG PÅ TUR: Erling Sande og seks andre stortingsrepresentantar, prioriterte safari i staden for klimaforhandlingar i går.

Foto: NRK

Det er dn.no som fredag fortel om den litt spesielle episoden. Sju stortingsrepresentantar er reiste til Sør-Afrika for å følgje klimaforhandlingane.

Torsdag reiste fire av dei på safari, mellom dei var Erling Sande. Han er opphavleg frå Bremanger, og leiar av energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Leitar etter the «big five»

«Vi ynskte å nytte denne moglegheit at til å sjå korleis Sør-Afrika organiserer nasjonalparkane sine, sidan vi har ansvar for nasjonalparkforvaltning og biologisk mangfald i vår komité på heimebane», skreiv Erling Sande i ei tekstmelding til Dagens Næringsliv torsdag.

«Vi er på tur i ein nasjonalpark og leitar etter the big five», skreiv Framstegspartiets Oskar Grimstad i ei tekstmelding til avisa.

«Vitjar ein nasjonalpark», skreiv Gunnar Gundersen i ei tekstmelding til Dagens Næringsliv, som lurte på kor delegasjonen hadde teke vegen.

Har sett på skogplanting

– Vi har ikkje brukt tida vår her for å sjå på ville dyr. Men når det var ei opning i programmet vårt torsdag, så valde nokon av oss å vitje ein nasjonalpark, eit verdsarvområde, og sjå på ein del av skogplantinga som er gjort i Afrika, seier Sande til NRK.

– Kor lang tid tok turen?

– Det tok store delar av dagen, men vi var tilbake til det offentlege programmet på kvelden, seier Sande.

– Ville det ikkje vore meir naturleg å følgje forhandlingane?

– Vi har følgt forhandlingane heile vegen. Men vi er ikkje med og forhandlar, og dermed er det ikkje naturleg at vi er på alle møte. Nokon av møta er lukka. men vi føl med på det som skjer her nede, seier Sande, og legg til at dei har hatt stort utbyte av turen til Sør-Afrika.

– Kva dyr såg de på safari?

– Poenget er at dei nasjonalparkar og verneområde og den politikk Sør-Afrika har for det, er annleis enn vår. Dei gjer parkane sine meir tilgjengelege enn oss, seier Sande.

– Så det var det reint administrative de var opptekne av?

– Turen var lærerik i forhold til eit område som vi styrer med heime. I tillegg såg vi ville dyr. Det er det i nasjonalparkar, seier Sande.

Snorre Valen fortel til NRK at han meinte torsdag var så viktig at det var svært viktig å vere på plass.

– Var ikkje dagen i går viktig?

– Alle dagar har vore viktige. I dag er kanskje aller viktigast. I dag får vi svar på fleire av dei store spørsmåla. Det som skjer i dag og utover natta, vil avgjere om vi kjem fram til ei global klimaavtale, seier Sande.

– Men dagen før innspurten var ikkje så viktig?

– Alle dagar her nede er viktige. Vi har ei rolle som observatørar, seier Sande.

Meiner safarien var relevant

– Som medlem av energi- og miljøkomiteen, så synest eg det å nytte moglegheita her i Durban til å sjå andre sider ved Afrika som er relevant for mitt arbeid, er heilt legitimt, seier nestleiar i komiteen, Siri A. Meling, til NRK.

På spørsmål om ein ikkje kunne lagt safarien til eit tidspunkt etter at konferansen var slutt, seier Meling:

– Det kunne vore ei moglegheit. Men eg ser ingen grunn til at vi ikkje skulle leggje vekt på å sjå forvaltning av nasjonalparkar, korleis dei jobbar i høve spor og biologisk mangfald. Eg sit som representant for energi- og miljøkomiteen. Dette er relevant i høve den jobben vi gjer, seier Meling til NRK.

Såg sjiraff og nashorn

På eit bilete som Oskar Grimstad har teke, går det fram at utbrytargruppa i alle fall fekk sett ein sjiraff på turen, skriv Dagens Næringsliv.

Men politikarane skal også ha fått sett fleire av dei fem store afrikanske dyra – løva, leoparden, elefanten, nashornet og bøffelen.

Ifølgje VGnett forlet dei fire stortingsrepresentantane hotellet ved 05.30-tida torsdag morgon, og var ikkje tilbake før ved 17-tida same dag.

– Vi såg ein del dyr, det gjorde vi. Folk må få meine det dei vil. Viss nokon ønskjer å lage eit nummer av at vi har drege ut for å sjå på ein nasjonalpark, så må dei gjerne det, seier Grimstad til VGnett.

Valen og Solheim på møte

Same morgon hadde Gunnar Gundersen på NRKs mogonnyheiter kritisert at Norge sender for stor delegasjon til klimaforhandlingane.

Torsdag bidrog han, Erling Sande, Oskar Grimstad og Siri A. Meling til at delegasjonen mellombels var redusert.

Venstre-leiar Trine Skei Grande skal ha vore på ein tre timars guida tur i Durban torsdag, medan SVs Snorre Valen brukte all si tid på forhandlingane, der også miljøvernminister og partikollega, Erik Solheim, var aktiv.

Betalte turen sjølve

– Eg merkar meg at ein stortingsrepresentant kritiserer at det er for mange frå Miljøverndepartementet som jobbar knallhardt dag og natt her nede, medan han sjølv har tid til å reise på safari, seier Solheim.

Han legg til at safarien er vel unt.

– Men då bør ein vere forsiktig med å kritisere andre, seier Solheim til VGnett.

Sjølv om turen ifølgje Sande var fagleg grunngitt, opplyste han at dei betalte safarien sjølve. Dei fire skulle etter planen vere tilbake i Durban i tide til å vere med på mottakinga som ambassaden skulle halde på kveldstid, skriv dn.no.