Hopp til innhold

Sel smør til 2000 kroner kiloen

På finn.no har det i desse smørkrisetider utvikla seg ein svartebørsmarknad for ekte smør. Men prisen er feit.

Smør på Finn.no

SVARTEBØR: På Finn.no kan du få tak i smør til julebaksten.

Foto: Skjermdump

Akkurat no ligg det nær 100 annonser frå folk som sel smør på Finn.no.

Ein person i Nordfjord sel Tine meierismør for 3600 kroner kiloen.

Halvetne smørpakkar

I andre annonser varierar kiloprisen frå ein femtilapp til fleire tusen kroner. Ein kan få kjøpt både nye smørpakkar og pakkar som allereie har vore brukte til å setje ein kakedeig eller to.

Dei fleste annonsene er frå nordmenn som har Tinesmør til overs. Men det finst òg seljarar i Sverige, Danmark og på Island som sel smør derifrå, og då kan ein få kjøpe så mykje ein vil.

– Harselas

Som ein følgje av trenden med lågkarbo og slanking ved hjelp av feitt og smør, har butikkar landet rundt gått tomme for smør i førjulsstria.

No prøver mange å smi medan jarnet er varmt, og håpar på nokre kjappe lappar på konto ved å selje smøret sitt via finn.no.

Ein lattermild kommunikasjonsrådgjevar i Tine, Øystein Knoph, har sett smørutsalet på nettet.

– Vi ser på dette som uunngåeleg og ufarlig nettharselas, seier han.

– Dette er ikkje akkurat noko vi rasar over, men vi ser ein viss humor i det. Og eg kan garantere at det ikkje er vi som står bak det, seier Knoph.

– Folk er sprø

Ein av smørseljarane er Tove Lie frå Bergen. Ho sel smør ho sjølv har til overs.

– Eg la ut annonsa i går, så eg har ikkje selt noko enda, men folk er jo heilt sprø etter det, så eg reknar med å bli kvitt det, seier ho.

– Smøret kjem tilbake

Knoph seier smørproduksjonen er på veg oppatt, og dei vil ikkje vere tomme framover, men det kjem til å vere tomt i mange butikkar.

– Tiltaka vi har sett i sving byrjar å monne no. Det vil kome importert smør og noko Tinesmør i butikkane framover.

Men smørmarknaden vil ikkje vere tilbake til normalen før på nyåret.

– Heilt normalisert blir det nok ikkje før etter nyttår, seier Knoph.