Hopp til innhold

Slik berga dei opp trakkemaskina

Fredag gjekk ein trakkemaskin gjennom isen på eit vatn på Strynefjellet. I dag blei den berga opp igjen.

Berga trakkemaskin på Strynefjellet

BERGA: Ein gravemaskin klarte å dra trakkemaskina opp av vatnet.

Foto: Lars Helge Kveen

Entreprenør Lars Helge Kveen hadde med seg fire personar på oppdraget som tok to-tre timar.

– Det gjekk greitt, men var litt utfordrande å få den opp sidan delar av den stod nedi vatnet, fortel han.

Ifølgje Kveen var det ikkje fare for verken gravemaskinen dei brukte eller folka som var med.

– Det var ikkje fare for av vi kunne gå gjennom, og det var heller ikkje så veldig djupt der.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gikk gjennom isen ved Vassvenda.

GJENNOM ISEN: Fredag låg delar av trakkemaskina i vatnet.

Foto: Øyvind Angard / SNO

No står trakkemaskina på den gamle Strynefjellsvegen. Maskinen gjekk gjennom isen ved Vassvenda. Den var på veg mellom Grotli og Stryn sommarskisenter.

Det er Stryn sommarski som er eigaren og dagleg leiar Ola Flo seier dei enno ikkje veit om maskinen er skadd.

– Den er veldig nedisa, så vi veit ikkje heilt. No skal servicefolk sjå på den.

Det var to personar om bord i trakkemaskina då den gjekk gjennom isen. Dei kom inn i eit område utan GPS-dekning og kom om lag 20 meter ut av kurs.

– Dei to som sat inni var ikkje i fare, seier Flo.

Skulle lage snøvollar

Trakkemaskina var på veg for å lage nokre snøvollar ved skisenteret. Dei to personane skulle også gå over nokre sprekker i isen. Dette arbeidet er no utsett nokre dagar.

Vatnet der maskina gjekk gjennom isen, ligg i landskapsvernområdet på Strynefjellet.

Meiner løyvet var i orden

I går sa oppsynsmann i SNO, Øyvind Angard, at dei skulle sjekke om sommarskisenteret hadde løyve til å drive transport i området. Flo meiner at det har dei lov til.

– I vinter fekk vi eit generelt løyve på ti turar som vi ikkje har brukt opp. På denne tida er det heller ikkje problem knytt til dyr i området. Men vi skal sjølvsagt ta kontakt med dei rette personane over helga for å få avklart dette, seier han.