Hopp til innhold

Sei kva du meiner direkte til statsråd Lars Peder Brekk

På ti år har talet på mjølkebønder blitt halvert frå over 2000 til om lag 1000 i Sogn og Fjordane. Kva er årsaka til nedgangen og kva må gjerast?

Lars Peder Brekk

STILL SPØRSMÅL: Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk ønskjer seg dine spørsmål.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Har du løysinga eller meiningar om dette, kan du få seie det rett til landbruksministeren.

I ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane måndag blir landbruks- og matminister Lars Peder Brekk gjest.

Har du spørsmål eller kommentarar skriv dei i kommentarfeltet til denne artikkelen.

Eller send dei til 1987 med kodeord sf, eller til e-post adresse sf@nrk.no

Måndag kan du ringe inn på telefon 57724242 og sei di meining direkte i sendinga.