Hopp til innhold

Krevjande berging for å sikre verdifull last på semitrailer

Åtte mann og tungt utstyr måtte til for å berge ein semitrailer på 40 tonn opp frå grøfta i Gaular.

Det var natt til laurdag at semitraileren hamna utfor vegen mellom Myrmel og Sande på E39. Traileren velta og låg med hjula i vêret.

Førde bilberging rykka ut og fekk sikra bilen der den låg. Laurdag blei det prøvd på berge den opp, men på grunn av ei spesiell og verdifull last, tok det lang tid å henta inn dei rette godkjenningane for berginga.

Krevjande jobb

Arild Tistel ved Førde Bilberging

TRAVEL HELG: Arild Tistel ved Førde Bilberging fekk eit utfordrande oppdrag i helga Arkivfoto)

Foto: Simon Solheim / NRK

Søndag morgon var karane frå Førde bilberging og Førde kranutleige i sving med jobben. Vegen blei stengd ein periode medan semitraileren blei løfta opp ved hjelp av to mobilkranar og ein tungbergar.

Dagleg leiar ved Førde bilberging, Arild Tistel, seier det var ein krevjande operasjon.

– Det har kravd ein del ressursar, både mannskap og utstyr, fortel han.

Kostbart

Det spesielle med denne berginga var den verdifulle lasta om bord. Difor måtte traileren heisast rett opp før den blir snudd.

– Vi har hatt fokus på sikre lasta som er spesialcontainerar som skal offshore. Det er ikkje ofte vi har slike krevjande oppdrag.

– Kor mykje kostar eit slikt oppdrag?

– Eg kan berre seie at det er ein kostbar jobb, og at det er ei forsikringssak.

Lasta har truleg klart seg

Tistel og mannskapet starta klokka ti i føremiddag og halv totida var traileren oppe av grøfta.

– Vi har litt jobb igjen. No skal vi snu den på hjula. Trekkvogna er nok vrak, medan hengaren truleg kan nyttast igjen. Det ser også ut til at det har gått bra med lasta.

Det har vore manuell dirigering av trafikken på staden og i periodar var også vegen heilt stengd. Politiet veit førebels ikkje årsaka til at den norskregistrerte semitraileren hamna i grøfta. Føraren kom uskadd frå utforkøyring og bilen skal ha vore godt skodd etter føret.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.