At det har vore eit etablert narkotikamiljø i byen er ikkje noko nytt for politiet. I løpet av hausten har politiet gjort fleire store narkotikabeslag og utført fleire nøye planlagde narkotikaaksjonar mot miljøet.
Berre sidan midten av november har dei pågripe 34 personar. To personar har vore varetektsfengsla i saka, ein av dei sit framleis fengsla.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Har rulla opp to saker i haust
I samband med etterforskinga har politiet beslaglagt større mengder hasj. Politiet meiner dei har bevis for at dei pågripne til saman har brukt og hatt 1,5 kilo hasj.
Politistasjonssjef i Flora, Robert Veseth vil ikkje seie han er overraska over omfanget av saka.
– Politiet har jobba godt og vi har vore effektive. Det er tydeleg at vi har kome inn i eit miljø der det har vore omsett og brukt narkotika av eit omfang som har gjort at politiet kan avdekke såpass mange saker, seier Veseth.
Denne opprullinga er den andre store narkotikasaka i haust. Politiet har tidlegare pågripe ei rekkje personar og kverrsett både hasj og amfetamin. Veseth seier dei førebels ikkje har sett noko samanheng mellom dei to sakene.
– Dette er truleg to forskjellige miljø, seier Veseth.
- LES OGSÅ:
Ein sit framleis i varetekt
Dei 34 pågripne er i alderen frå 17 til opp i 40-åra og ti av desse har allereie fått avgjort sakene sine med bøter på mellom 4000 og 7000 kroner. Dei 24 andre må bu seg på eit meir alvorleg møte med rettsapparatet.
Ein av dei pågripne sit framleis varetektsfengsla.
– Vi er ikkje ferdig med etterforskinga rundt denne mannen, og vi meiner også at han har selt narkotika av eit slikt omfang at vi framleis vil ha han fengsla, seier Veseth.
- LES OGSÅ:
– Grunn til uro
Sjølv om omfanget av saka er relativt stort vil ikkje Veseth seie at problemet med narkotikamisbruk har eksplodert i Florø.
– Men det er grunn til å tru at problemet har auka. Omfanget av pågripingar er også knytt til at politiet har valt å prioriterte aksjonar mot desse miljøa, seier Veseth.
– Men er det grunn til uro for problemet med stoffmisbruk?
– Vi kan vel seie at det gir grunn til uro, men det som er viktig for oss er å prøve å hindre rekruttering til miljøa. Dette håpar vi å få til gjennom desse aksjonane, seier politistasjonssjefen.