Hopp til innhold

Kan bli straumlause i fleire dagar

Det kan i verste fall ta fleire dagar før alle i fylket får igjen straumen.

Sunnfjord Energi inspiserer linjenettet frå helikopter

MANGE STRAUMBROT: Mange tusen var natt til måndag utan straum, og mange må bu seg på å vere straumlause i fleire dagar. Her er Sunnfjord Energi ute og leitar etter feil på linjenettet.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi leitar intenst etter å finne feilen i hovudnettet. 132 kilovolten ligg til dels langt frå bilveg og når det lysnar skal vi inn med helikopter, seier nettdirektør Asgeir Aase i Sogn og Fjordane Energi (SFE).

– Vi kan ikkje seie når vi finn feilen eller kor lang tid det tek å reparere feilen. Det vil overraske meg sterkt om alle i fylket får igjen straumen i dag, seier Aase.

Omfattande problem

– Så her kan det ta fleire dagar før alle får igjen straumen?

– I verste fall kan det ta fleire dagar før alle får igjen straumen. Det er nemleg ikkje berre i hovudnettet problemet ligg. Også i regional- og lokalnettet har vi store utfordringar føre oss, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristian Bareksten i SFE

NOK Å GJERE: Kristian Bareksten har ansvaret for montørane i SFE, og fortel om ei hektisk natt i Sogn og Fjordane.

Foto: Truls Kleiven

Endrar seg frå minutt til minutt

Ifølgje Aase er mesteparten av fylket no heilt utan straum.

– Dei har lys i pærene i Førde sentrum, delar av Askvoll, Høyanger og Svelgen. Elles er mesteparten ute. Men dette endrar seg frå minutt til minutt og er umogleg å ha ei oppdatert oversikt over, seier han.

Klokka 08:00 var desse kommunane heilt utan straum: Flora, Vågsøy, Jølster, Naustdal, Sogndal, Balestrand, Vik og Luster.

– Eg har aldri opplevd ein slik situasjon så lenge eg har vore i selskapet, seier den røynde vaktansvarlege Vidar Øvretun i Sognekraft til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kraftleiding som har blåst ned i Stryn

Kraftnettet ligg nede i store delar av fylket. Her frå Stryn.

Foto: Arne Vik

Ber folk spare på straumen

Sognekraft går no ut og oppmodar folk om å bruke så lite straum som mogleg.

– Folk må gå ned på straumforbruket så mykje dei kan. Då vil fleire kunne få tilbake straumen tidlegare, seier Tor Yttri.

– Vi har så lite kapasitet no, at alt vil hjelpe, forklarer han.

Yttri karakteriserer orkanen i 1992 som berre småtteri i høve skadene Sognekraft opplever denne gongen.

Fylkesmann Anne Karin Hamre opplyser til NRK.no at dei har bede om hjelp frå Forsvaret til å få opp mellombels kommunikasjonar i fylket.