Hopp til innhold

Buss fast mellom to ras

Dei fem passasjerane og sjåføren som sat fast mellom to ras i Lånefjorden er no henta ut.

Flaum i Førde
Foto: Arne Stubhaug/NRK

Det var ambulansebåten "Solund" som hanta dei klokka 10.21 og frakta dei til Nordeide, opplyser politiet.

Rutebussen frå Firda Billag har stått fast mellom to ras på fv 55 i Lånefjorden mellom Høyanger og Balestrand sidan måndag kveld.

Bussen var på veg frå Høyanger til Dragsvik med fem ungdommar som passasjerar. Bussen skal ha vorte ståande mellom rasa alt i 18-tida måndag kveld.

Det gjekk eit sørpeskred ved Kongsnestunnelen og eit steinras nærare Lånefjorden, og bussen frå Firda Billag vart ståande mellom desse rasa.

Nytt skred

Då bussen vart stansa av det eine skredet, snudde han og prøvde å køyre tilbake til Høyanger, men i mellomtida hadde det kome eit nytt skred.

– Eg har snakka med sjåføren, og både han og dei fem passasjerane skal ha det varmt og godt, seier trafikksjef i Frida Billag, Tore Masdal.

Politiet forsøkte måndag kveld å få berga busspassasjerane ut frå Lånefjorden ved hjelp av ambulansebåten i Solund, men dette let seg ikkje gjere. Det vil på formiddagen tysdag bli gjort nye forsøk på å få ut dei innestengde.

Har fått mat

Sjølv om bussjåføren og passasjerane måtte tilbringe natta i bussen, har dei ikkje lidd noko naud.

– Dei dei seks i bussen har fått mat frå ein gard i Lånefjorden, og det er godt og varmt i bussen, så dei skal ikkje lide noko naud, seier Masdal.

Eivind Yttri i Statens vegvesen fortel at det er folk på veg for å rydde vegen frå begge sidene, men førebels er det vanskeleg å seie når vegen kan opnast att.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.