Hopp til innhold

Nektar betale 200 000,- i bot

Det litauiske transportselskapet Girteka fekk før jul to bøter på 100 000 kroner for ulovleg transport i Norge. Selskapet nektar for å ha gjort noko gale.

Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken ved E16 i Lærdal

STOGGA: Den eine bilen vart stogga på Statens vegvesen sin kontrollstasjon på Håbakken ved E16 i Lærdal.

Foto: Statens vegvesen

Same kveld vart to bilar frå selskapet stogga av Statens vegvesen. Den eine på kontrollstasjonen i Lærdal, den andre i Voss. Vegvesenet melde begge bilane for ulovleg transport i Norge, og dagen etter svarte politiet med å gje selskapet ei bot på 100 000 kroner for kvart av køyretya.

NRK har vore i kontakt med Girteka sin avdelingssjef for transport til og frå Skandinavia. Han skriv i ein e-post at han meiner saka er ei misforståing.

Politiet stadfestar at Girteka ikkje har vedteke bøtene, og at saka no hamnar i rettssystemet.

Tekne for ulovleg transport

Det var tysdag 20. desember at Statens vegvesen stogga dei to bilane i samband med rutinekontroll. Etter at Statens vegvesen for ei tid tilbake stogga to utanlandske vogntog som køyrde ulovleg i Norge på oppdrag av statseigde Bring, har det blitt sett fokus på såkalla kabotasjekøyring.

Dette er reglar som skal regulere korleis utanlandske transportselskap kan drive transport innanlands i Norge. Eit utanlandsk vogntog som køyrer inn i Norge med internasjonal transport, kan etter dette køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser. Så må bilen ut av landet. Reglane stiller også krav til at transportane innanlands skal vere av tilfeldig karakter.

Men bilane frå det litauiske firmaet skal ha vore i Norge i langt over ei veke, og medan det eine vart bøtelagt for å ha køyrd fire ulovlege transportar, vart det andre bøtelagt for å ha køyrd ni ulovlege turar.

– Ei misforståing

Redijus Anikanovas, som er sjef for den Skandinaviske avdelinga i Girteka skriv i ein e-post til NRK at selskapet har god kjennskap til dei såkalla kabotasjereglane. Han presiserer at selskapet alltid køyrer lovleg og held seg til reglane i alle dei europeiske landa.

– Vi meiner det som har skjedd er ei misforståing, skriv Anikanovas i e-posten.

Etter at dei no har fått 200 000 kroner i bot for å ha brote desse reglane vil selskapet no studere regelverket for å sikre seg at dei har forstått det korrekt. Dersom dei ser at det er behov for å endre måten dei køyrer på, vil dei gjere dette straks, skriv Anikanovas i e-posten.

– Norsk politi gjer jobben sin. Vi er sikre på at vi ikkje har brote reglane med desse bilane, då vi har vore ute av Norge med dei fleire gonger, skriv han vidare.

No hamnar sakene i retten

Politiadvokat Erling Melvær i Sogn og Fjordane politidistrikt, seier selskapet ikkje har ville vedta bøtene, og at sakene no hamnar i rettssystemet. Kor og når er enno ikkje bestemt.

I og med at ei bot er skrive ut av Sogn og Fjordane politidistrikt, og den andre av Hordaland politidistrikt kan det bli aktuelt å samkøyre dei to sakene.

Melvær kan på ståande fot ikkje seie for sikkert om det har vore liknande saker oppe for det norske rettssystemet før.

– Uansett vil nok denne typen saker bli prioriterte både av Vegvesenet og politiet i framtida. Ulovleg innanlandstransport av utanlandske aktørar gjer det vanskeleg for norske firma som ikkje kan konkurrere på pris, seier Melvær til NRK.no.