Hopp til innhold

Måtte kaste kjølevarer for nær ein halv million

Butikksjef på Domus Sandane, Martin Hamre, har måtte kaste kjølevarer for nær ein halv million kroner etter orkanherjingane.

Matvarer

MÅ KASTE: Mykje mat har gått i boset etter at orkanen 'Dagmar' tok straumen mange stader.

Foto: NRK

– Trasig, men det var ingen annan utveg etter nær eitt døgn utan straum. Vi må følgje lovverket, seier Hamre til avisa Firda.

Han var torsdag i full gang me då fylle kjølediskane i butikken på Sandane i Gloppen.

Var lite anna å gjere

Butikken mista straumen i 18.30-tida første juledag.

– Vi har faste rutinar når straumen blir borte, men det var lite eg kunne gjere, bortsett frå å håpe at den kom raskt att. men det skjedde ikkje, seier Hamre.

Straumen kom att mellom klokka eitt og to dagen etter, men det hjelpte lite.

– Det var for seint for å redde kjølevarer som skal oppbevarast i temperatur mellom 0 og 4 grader. Dermed var det inga bønn. Dei måtte kastast, seier Hamre.

Nøyaktig kor stort tapet er, veit han ikkje. Men han reknar med at varer med utsalspris på nær ein halv million kroner har hamna i boset.

– I tillegg kjem tapt omsetnad, utan at eg har oversikt over det enno, seier Hamre.

Også bakaren hadde problem

Også bakar Jon Myklebust på Byrkjelo har merka straumbrotet godt.

Først torsdag hadde han eigne brød i hyllene.

– Brøda blir steikte i ein steinomn der straumen står på heile tida. Og 48 timar utan straum gjorde at omnen var kald. Dermed tok det 48 timar å få han varm nok att, seier Myklebust.

Også han måtte kaste mykje mat etter straumbrotet, truleg til ein verdi for rundt 100.000 kroner.

– Det er smertefullt for ein liten butikk som vår, men eg reknar med å ha fylt opp hyllene att til 1. nyttårsdag, seier Myklebust til Firda.