Hopp til innhold

Dagmar har gjort vegskader for over 120 millionar kroner

Førebelse utrekningar syner at Dagmar har gjort skader på vegnettet i Sogn og Fjordane for iallfall 120 millionar kroner.

Vegen til Otterdal er vaska vekk

VASKA VEKK: Vegen mellom Grodås og Otterdal er heilt vaska vekk.

Foto: Bjørn Lødemel

– Vi har gjort ein kalkulasjon på skadane som er registrerte til no, og førebels ser det ut til at skadane på vegane her i fylket utgjer kostnader på 120 millionar kroner, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

Han presiserer at dette ikkje på nokon måte er eit eksakt reknestykke, men at det er denne summen det ligg an til i dag.

LES OGSÅ: I dag kjem Navarsete og Kleppa til Nordfjord
LES OGSÅ: Skred sopa livsverket rett i elva

Grodås – Otterdal kostar mest

Fordelinga mellom fylkesvegar og riksvegar er nokolunde klar.

– Vi reknar med at det er skadar for 40 millionar kroner på riksvegane, og 80 millionar kroner på fylkesvegane, seier Slinde.

Den absolutt største posten på fylkesvegnettet er fylkesveg 664 mellom Grodås og Otterdal i Hornindal kommune. Her ser ein førebels for seg ein sum på 30 millionar kroner åleine.

– Det er høgst usikkert korleis vi skal byggje opp att denne vegen. Det er ein svært rasutsett veg, så skal vi byggje tunnel, snakkar vi heilt andre beløp enn dei 30 millionane, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Må finne meir pengar

Truleg vil tunnel koste eit par hundre millionar i tillegg.

– Kven er det som må ut med desse pengane?

– For riksvegane melder vi dette inn til Samferdsledepartementet på vanleg måte. Vi reknar med at det kjem noko ekstra løyvingar. Elles må vi kutte på andre ting vi driv med, seier Slinde.

Når det gjeld fylkesvegane, rapporterer Vegvesenet inn til fylkeskommunen.

– Det er fylkestinget her i fylket som anten må prøve å skaffe meir pengar, eller omprioritere pengar frå andre tiltak, seier Slinde, som fortel at alle dei har vore i kontakt med i vegetat, samferdsledepartement og i fylkeskommunen er ganske tydelege på at oppryddingsarbeidet skal halde fram.

– Og så må vegeigarane i etterkant jobbe med finansieringa, seier Slinde.