Hopp til innhold

Vindmølle-ja, Nødseth og orkanen Dagmar fekk gjennomgå i Kjippen

Tradisjonen tru var det også denne nyttårsaftan klart for Kjippen i Florø. Og ein av dei som var mest nemnt, likar merksemda.

– Ein tidlegare rådmann så at dersom han ikkje var nemnt i Kjippen, så hadde det vore eit dårleg år. Eg kan seie meg einig i det, seier høgrepolitikaren Jacob Nødseth.

Det fargerike opptoget med utkledde folk, parolar og ulike doningar lokka mange til gatene i Florø sentrum ved midnatt. Litt surt ver og regn la ingen dempar på festen som ingen står som arrangør av. Tromming på oljefat sette folk i den rette stemninga.

(Artikkelen held fram under videoen)

Dagmar og smørkrise

I denne utgåva av Kjippen var mellom anna bystyret sitt ja til vindturbinar på Guleslettene, Nødseth og orkanen Dagmar gjengangarar på plakatane.

Også utseld lokalt øl, smørmangel og lågkarbo var det fleire som hadde som tema.

Blir ikkje lei seg

Jacob Nødseth

IKKJE LEI SEG: Høgre-politikaren Jacob Nødseth tykkjer det er stas å bli ein del av Kjippen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Jacob Nødseth var som vanleg på plass for å sjå toget. Den profilerte politikarane er ikkje lei seg over at folk harselerte med han, både når det gjeld løn og vindkraftplanane.

– Det er berre sjarmerande og ganske harmlaust. Det skal mykje meir til før eg blir støtt, seier han.

Han meiner faktisk at deltakarane kunne gått endå lengre i meiningane sine.

– Dei kunne vore endå meir tydelege. Det skal vere ein låg terskel for å meine noko. Det er det som er bra med Kjippen, seier han.

– Forstår du at nettopp du blir hengt ut på denne måten?

– Ja, det er nok fordi eg er tydeleg. Media brukar meg ofte i saker som er kontroversielle og som krev klare svar.

Vil ha tilbake lengre opptog

Han er glad for at Florø har eit slikt arrangement. No ønskjer han at fleire legg nyttårsfeiringa til byen. Men han har ei klar oppmoding.

– Kjippen blir kortare for kvart år. Fleire bør gå i sjølve opptoget, for vi bør passe på denne tradisjonen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjppen i Florø 2011

ANGRY BIRDS: Martin Melvær Berge og resten av gjengen hadde laga denne parolen, mot vindkraft på Guleslettene.

Foto: Truls Kleiven

Nøgd med doningen

Ein av dei som hadde lagt seg i selen for å bidra, var Martin Melvær Berge. Saman med ein gjeng laga han ein doning til opptoget. Dagen derpå er han nøgd med det dei fekk til.

– Vi kom oss fram til målet og vi er veldig godt nøgde med resultatet, seier han.

Sinte fuglar

Byggverket deira var delvis basert på Angry Birds, det populære spelet som millionar av menneske spelar på mobiltelefonane sine rundt om i verda. Berge og gjengen tok for seg vindmøllene som kan bli plassert på Guleslettene mellom Flora og Bremanger. Også denne gjengen nemnde Jacob Nødseth.

– Vi ville ha ei aktuell og lokal sak, og Nødseth er ein av dei som stikk seg fram i politikken. Han lagar litt bråk og då fortener han det, ler Melvær Berge.

Alt blir brent på bålet

Han fortel om ei kjempegod stemning i gatene i kystbyen, trass regnet som kom i halv eitt-tida. Etter opptoget blei alle parolane og dei kreative doningane brunne på eit stort bål.

– Du kan henge ut folk og skrive det meste på parolane. Men like etter blir alt brent på bålet og då er alt gløymt, seier han.

Vår kulturmeldar Hans Jakob Reite var i Florø nyttårsaftan. Høyr hans betraktningar i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane like etter klokka åtte måndag tidleg. I løpet av føremiddagen legg han også ut eit nytt innlegg på bloggen sin.