Hopp til innhold

Hadde tilbod om naudsamband under uvêret, men takka nei

Då store deler av Sogn og Fjordane var utan straum og telefonsamband etter uvêret i romjula, stod eit lag med radioamatørar klare med sendeutstyr.

Telesambandet nede på tredje døgnet etter Dagmar

UTAN TELESAMBAND: Store delar av Sogn og Fjordane var utan kontakt med omverda under uvêret julehelga. Men fylkesmannen hadde tilbod om naudsamband frå radioamatørar.

Foto: Montasje / NRK

– Vi hadde etter kvart seks mann som var klare til å reise opp i området. Dei kunne hjelpe der styresmaktene eventuelt måtte ha ønskt det, seier Trond Bekken til NRK.no.

Han er leiar for sambandstenesta i Norsk Radio Relæ Liga (NNRL), som er ein del av den frivillige redningsberedskapen i Norge – og som kan få opp naudsamband med berre batteristraum.

Var i kontakt fleire gongar

Andre juledag etablerte NRRL eit sambandsnett på nasjonal sambandsfrekvens, og dei hadde seks personar i beredskap med utrykkingstid på berre to timar.

Men Fylkesmannen i Sogn og Fjordane takka nei til hjelp, etter at NRRL først fekk beskjed om å ta kontakt.

– Først ville dei sjå det an litt utover dagen, og om dei hadde behov for hjelp. Eg snakka med dei to-tre gongar, men ved halv seks-tida fekk eg beskjed om at dei ikkje hadde behov for våre tenester, seier Bekken.

Amatørane hadde radiosamband

Dagmar sine herjingar og flaumen som følgde dagen etter sette Vestlandet og Sogn og Fjordane i ein krisesituasjon, der store delar av befolkninga i lange periodar var utan både straum og samband med omverda.

Fylkesmannen fekk mellom ikkje kontakt med einskilde kommunar.

– Eg har fått vite at det var mange radioamatørar i fylket som hadde radiosamband med store delar av fylket gjennom heile uvêrsperioden. Men dei kom ikkje i kontakt med styresmaktene, og styresmaktene kom ikkje i kontakt med dei, seier Bekken.

Vart lova hjelp frå Heimevernet

No oppmodar NRRL-leiaren fylkesmannen om å ta kontakt med lokale grupperingar i organisasjonen, og på den måten finne ut kva beredskap radioamatørane kan tilby.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand vedgår at radioamatørar er noko dei bør bli meir bevisste på, og at dette er noko fylkesmannen bør få inn i beredskapsplanane.

Stensvand seier dei takka nei til hjelp under uvêret fordi ein alt hadde fått lovnad om samband frå Heimevernet. Dette tok derimot lengre tid enn medrekna. I tillegg fekk ein ut satellittelefonar.