Hopp til innhold

Rullar opp hasjmiljø i Sogn

Etter at ein mann og ei kvinne vart varetektsfengsla, har politiet no starta opprullinga av eit større miljø for bruk og omsetnad av narkotika i Sogn.

Knut Broberg

STOR SAK: Politiadvokat Knut Broberg skildrar saka dei no er i ferd med å rulle opp som alvorleg.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Politiadvokat Knut Broberg ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier saka som no er under etterforsking er det han vil kalle ei alvorleg narkotikasak.

Ifølgje Broberg har saka forgreiningar til heile fylket.

Også i Florø har politiet i haust rulla opp fleire større narkotikasaker. Seinast i november vart 34 personar pågripne, medan politiet nokre månader før avdekte eit anna stort narkotikamiljø i kystbyen.

Har brukt telefonavlytting i etterforskinga

Det er ei omfattande sak om kjøp, lagring og bruk av narkotika politiet i Sogn og Fjordane er i ferd med å avdekke i Sogn. Etter det NRK erfarer har politiet mellom anna brukt omfattande telefonavlytting for å sikre seg spor.

Dette førte til at eit sambuarpar frå Sogn vart varetektsfengsla før jul. Ein 27-år åring, som politiet reknar som hovudmann, vart fengsla for fire nye veker 22. desember.

– Eg kan stadfeste at vi i slutten av november pågreip to personar som vart sikta for å ha kjøpt, hatt og selt ei større mengde narkotika, seier Broberg til NRK.no.

Nektar for å ha tent på vidaresal

NRK kjenner til at politiet skal ha sikra seg ei større mengde hasj i mannen si leilegheit. Gjennom etterforskinga vil dei prøve å knyte han til ein stad mellom tre og fem kilo av det narkotiske stoffet. Dette er ein stor mengde hasj i Vestlands-målestokk, og stoffet har ein gateverdi på mellom 300 000 og 700 000 kroner.

– Min klient erkjenner for så vidt erverv og vidaresal av ei mindre mengde hasjisj, utan at han har hatt noko vidare forteneste på det, seier Louis Anda som forsvarar mannen.

Advokaten hevdar at sal av hasj berre har gått føre seg til folk som alt var brukarar av stoffet.

– Han har på ein måte ikkje gjort at nye brukarar har teke i bruk stoffet, då desse allereie var brukarar, seier Anda.

Smugla stoff i kroppens hulrom

Denne veka tilstod tre personar i Sogn tingrett at dei har kjøpt hasj av det politiet trur er hovudmann i saka. Den eine av desse tre vedgjekk å ha vore med og smugla eit mindre parti hasj frå Amsterdam til Sogn.

Dette skal ha blitt gjort ved å skjule stoffet i kroppens hulrom.

Broberg i politiet seier det reknar med at dei vil avsløre fleire med tilknyting til saka.

– Saka har forgreiningar til fleire stader i fylket, seier politiadvokaten til NRK.no.