Hopp til innhold

Lastebil sperra køyrefelt på E39

Ein utanlandsk semitrailer sperra i fleire timar eitt køyrefelt på E39 ved Myrmel i nærleiken av Sande. Ikkje før klokka 19.40 var vegen rydda.

Vogntog utfor vegen på E39

SPERRAR: Hengaren på semitraileren sperrar eine køyrefeltet på E39.

Foto: Hege Karin Johnsen

Politiet fekk like før klokka 15 melding om eit trafikkuhell på E39. Ein utanlandsk semitrailer skal då ha fått problem og rasa gjennom autovernet.

Då bilen stogga vart bakparten på hengaren hengande høgt over E39. Føraren av bilen skal ikkje ha kome til skade.

Politiet opplyste kort tid etter uhellet at det var passering for både store og mindre køyrety, men kort tid før klokka 16.30 har det danna seg lange køer av lastebilar og bussar på staden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kø ved trafikkuhell på E39

KØ: Det har danne seg lange køar ved ulukkesstaden.

Foto: Helge Aske

Lange køar på staden

Ein tipsar NRK har snakka med fortel at store køyrety ikkje lenger blir sleppte forbi fordi ein er redd at kanten på vegen skal gje etter på grunn av stor belastning. Dette fordi dei store køyretya må leggje seg langt ut på kanten av vegen for å kome seg forbi.

Politiet opplyser like før klokka 16.30 til NRK at bilberging truleg ikkje vil ta til før like før klokka 17. Det må to bilbergingsbilar til for å få bilen ut av grøfta.

Omkøyring for personbilar

Det synte seg etterkvart at det tok lenger tid enn først venta før bilberginga kunne ta til. Like før klokka 17.30 melder politiet at bilberginga vil ta til straks.

Det er venta at sjølve arbeidet med å få semitraileren på vegen att vil ta omlag ein time.

Politiet har no starta omdirigering av personbilar som skal forbi ulukkesstaden på E39. Desse vil bli stogga ved Storehaug og Sande, og kan køyre om Bygstad.

Det er ikkje noko omkøyringsmoglegheit for større køyrety, det vil seie at bussar og lastebilar må vente til E39 er rydda, opplyser politiet.

Etter å ha jobba med å berge bilen i nær to timar skal E39 ha opna att rundt klokka 19.40.

Like før jul skal ein anna semitrailer ha fått problem på nesten same stad.

Vogntog i grøfta på E39 ved Myrmel

UTFOR VEGEN: Hengaren på semitraileren vart ståande i spenn og hadde ikkje bakkekontakt etter uhellet.

Foto: NRK.no-tipsar

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.