Hopp til innhold

Har planar om å slå dei store

Ole Johnny Faleide frå Raudeberg har ei bilinteresse utanom det vanlege. No er han i gang med å bygge ny bil til store showbil-konkurransar.

Premiert bil

PREMIERT: Ole Johnny Faleide har vunne mange premiar på ulike gatebilkonkurransar.

Foto: Ole Johnny Faleide

Når Gatebilkonkurransen går av stabelen på Vålerbanen i mai, er Ole Johnny Faleide ein sjølvskriven deltakar.

Stor interesse

Den bilinteresserte karen frå Raudeberg har tidlegare delteke på fleire slike showbil-konkurransar og det med stort hell.

Dei største gatebilkonkurransane kan samle nærare 40 000 tilskodarar frå både Noreg og Sverige, fortel Faleide.

– Konkurransen på Vålerbanen er ikkje så stor, men eg reknar med det blir ein 300–400 bilar som skal konkurrere, seier Faleide.

Det er ein WV Passat 2006 model som eg skal «bredde», så den blir ein 15 cm breiare på kvar side. Det har aldri vore gjort tidlegare, fortel han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Populær bil

«PUPPULÆR» BIL: Det kan kome så mange som 40 000 på dei store gatebilkonkurransane i Noreg og Sverige for å sjå på bilane. Kanskje er det nokre som kjem for å sjå på andre ting også?

Foto: Ole Johnny Faleide

Hard konkurranse frå store firma

Det er ikkje berre privatpersonar som deltek i desse konkurransane. Også store firma som driv med bilbygging til dagleg er med i kampen om pokalar, heider og ære.

– Ja, det er det som er litt stilig og eg har vunne over fleire av dei tidlegare. Dei har jo heilt andre budsjett å rutte med i forhold til meg, ler Faleide.

– Kva er strategien for å slå dei i år da?

– Den er den same som den alltid har vore. Eg skal lage noko som aldri har blitt sett før. Passaten skal bli breiare, den skal ekstremlakkerast og den skal få mykje andre ting og tang som eg ikkje har gått ut med enda. Det skal jo vere ein liten overrasking også, fortel han løyndomsfullt.

Å lokke ut av Faleide nokre av triksa han har i ermet for bilen i år er ikkje lett.

– Det er jo ikkje hemmeleg at eg gjer det, men fargar og effektar er hemmeleg. Det skal jo bli litt bakoversveis når eg kjem med bilen!

(Artikkelen held fram under biletet)

Fargerike detaljar

DETALJAR: Alt er planlagt ned til den minste detalj. Det må det vere om ein skal ha sjanse til å stikke av med sigeren.

Foto: Ole Johnny Faleide

Kostbar hobby

Det er ein kostbar hobby Faleide har valt seg og alt arbeid vert gjort etter arbeidstid.

– Det er mange som pussar på bil, men kanskje ikkje i så ekstrem skala som dette. Det er kostbart, men i år har eg fått meg ein delvis sponsor og det hjelper på, fortel Faleide.

Kostnadene før ein slik konkurranse er store og gevinsten liten. I alle fall om ein skal rekne det i kroner og ører.

– Vi får eigentleg ingenting. Det er ikkje noko pengar inne i biletet. Dei einaste pengane som er inne i bilete er alle dei kronene som renn ut av kontoen min, seier Faleide og ler godt.

Sjølv om det er lite pengar å tene på det er det heilt klart verdt det meiner han.

– Ein får jo litt heider og ære og ein pokal. Det som er mest moro for meg er å sjå blikket til folk når eg er ferdig.

God tru på siger også i år

Til å hjelpe seg med lakkeringa av bilen får Faleide hjelp av Maria Elena. Fyrste bilen ho lakkerte var ein av bilane til Faleide. Sidan då har ho vore hekta på billakkering og Faleide har alltid nytta ho til å lakke bilane sine.

– Ho lakkerte den oransje bilen min, og eg vann nesten alt eg deltok på med den bilen. Etter det har ho ikkje gjort anna enn å lakke bil trur eg, fortel Faleide.

No har Faleide fram til mai å ordne bilen ferdig og han har god tru om at han skal stikke av med fleire pokalar også i år.

– Klart det! Om eg ikkje trudde det hadde eg ikkje byrja på dette, ler Faleide.