Hopp til innhold

Tryggast i landet - men narko aukar

Statistikken til Sogn og Fjordane Politidistrikt viser at vi bur i eit fylke der det blir stadig tryggare for innbyggjarane.

Politimeister Johan Brekke

Politimeister Johan Brekke kan gle seg over låg kriminalitet.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Rett nok var det ein liten auke i talet på brotsverk frå 2010 til 2011, men talet er vesentleg lågare enn i 2001, og det har dei siste ti åra vore ein stødig tendens mot lågare kriminalitet: I 2002 vart det registrert 3752 brotsverk, i 2011 var talet 2670.

Færre vinningsbrotsverk

Ser vi på vinningsbrotsverk som omfattar tjuveri, blibrukstjuveri, ran, heleri og bedrageri er tendensen den same. Bortsett frå ein liten topp i 2009 har tala gått jamt nedover - frå 2703 i 2002 til 1818 i 2011.

Og tendensen er endå sterkare når det gjeld grove tjuveri, som stort sett handlar om innbrot. I 2006 var det 347 grove innbrot, i 2011 var det nede i 149.

Nesten ikkje lommetjuveri

Og medan talet på grove tjuveri frå folk på offentleg stad har auka kraftig på landsbasis, så finn vi nesten ikkje slike brotsverk i det heile i Sogn og Fjordane. I fjor registrerte politiet ni slike saker.

Kraftig nedgang i valdssaker

Folk i Sogn og Fjordane er blitt mindre valdelege. Medan 447 vart melde for vald i 2009 fall talet til 348 i 2010 og vidare til 303 i fjor.

Talet på melde valdtekter og valdtektsforsøk held seg nokså stabilt, i fjor vart det meldt 17 slike tilfelle i Sogn og Fjordane.

Men auke i narkosaker

Talet på narkotikabrotsverk auka kraftig frå 2010 til i fjor - frå 407 til 637. Men då må det nemnast at 2010 var det året med færrast narkotikasaker siste tiåret. I 2001 var det til dømes 1194 narkotikabrotsverk i Sogn og Fjordane.

Det vart jobba for lite med narkotika i 2010, seier politimeister Johan Brekke.

For dårlege i 2010

– Forklaringa på auken frå 2010 til 2011 er at i 2010 greidde vi i altfor liten grad å jobbe med narkotikafeltet, og difor bestemte vi oss for at det skulle bli vesentleg betre i 2011.

– Det har vi greidd ved å arbeide meir proaktivt, ha meir fokus på det, drive med etterretning, og vi har brukt ein del særskilde etterforskingsmetodar for å få det resultatet vi har fått i 2011.

– Så det er ikkje slik at fleire brukar narkotika, det er det at politiet har vore flinkare til å satse på dette området?

– Det er rett, vi var for dårlege i 2010, vi har vore vesentleg betre i 2011. Vi har fått avdekt ein god del bakmenn, og når vi tek fleire bakmenn som sel narkotika får vi og teke fleire kjøparar.

LES OGSÅ: 34 pågripne i stor narkotikaaksjon

LES OGSÅ: Rullar opp hasjmiljø i Sogn

Flora, Førde og Høyanger

– Er det nyrekruttering, eller er det eldre brukarar som utgjer hovudtyngda i narkotikamiljøet?

– Det er begge deler, ein del av bakmennene er kjende rusmisbrukarar, men det er og ein del nyrekruttering. Og dei fleste av sakene finn vi i Flora, Førde og Høyanger.

Og det aller meste av narkotikaen som politiet tek hand om er hasj og amfetamin. Det er berre små innslag av tablettar og heroin.

Ny krimeining

– Kva med satsinga på narkotikabrotsverk i 2012?

– Vi har sett i gang ei ny krimeining som skal ta seg av organisert kriminalitet, som narkotikabrotsverk er ein del av, så vi trur dette vil føre til at vi greier å gjere ein endå større innsats på dette feltet.

Høg oppklaringsprosent

Og så kan Sogn og Fjordane Politidistrikt slå seg for brystet med at dei er i landstoppen når det gjeld å oppklare brotsverk. I fjor var oppklaringsprosenten på 55,1, ein auke frå 52,4 i 2010. Berre Øst-Finnmark og Salten politidistrikt hadde høgare oppklaringsprosent.

Stabile promilletal

Og ei gruppe syter for at tala blir haldne oppe på eit stabilt nivå: Fyllekøyrarane. I fjor var det 159 rattfyllsaker. Gjennomsnittet dei siste ti åra er 164 i året.