Hopp til innhold

No kan du vere med og kjempe om 100.000 til den beste kulturideen

NRK Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane går saman om å kåre «Årets beste kulturidé» i Sogn og Fjordane.

Årets kulturidé 2012

LOKKAR MED 100 000 KR: Kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane (t.v.) og distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi håpar å kunne vere med og skape engasjement rundt omkring i fylket. Det er det viktigaste for oss, seier distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen i NRK Sogn og Fjordane.

Saman med Sparebankstiftinga leiter NRK Sogn og Fjordane etter den beste kulturidéen i fylket.

No kan du og din idé stikke av med 100.000 kroner!

Det er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som stiller opp med pengane til vinnaren, som skal kårast av ein jury og av folket gjennom avrøysting på nettsidene til NRK.no.

Juryen skal plukke ut gode kandidatar som så blir presenterte gjennom radioinnslag og i nettartiklar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Innslag om Årets kulturidé

RADIOINNSLAG: Frå v. Pål Fidjestøl, Svein Arild Vatsø, Mona Solvang og programleiar Stian Sjursen Takle.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Søknadsfrist 1. mars

Dei som meiner dei har ein god kulturidé sender sjølve inn ein søknad som må vere inne seinast 1. mars. Og det treng ikkje vere nokon ny idé, både eksisterande arrangement og idéar til nye kulturtiltak er kvalifiserte.

Når søknadsfristen er ute kjem turen til ein jury samansett av kultursjef Pål Fidjestøl frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og to medlemmer som ikkje er peika ut enno. Dei tre skal plukke ut finalistane, dei fem til ti beste idéane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eva Weel Skram får Luttprisen 2011

LUTTPRISEN: Eva Weel Skram fekk Luttprisen 2011. No skal kulturarrangørane få sin pris.

Foto: Øystein Torheim/NRK.

– Vil ha eldsjelene fram i lyset

Finalistane blir så presenterte både gjennom radiosendingane i NRK Sogn og Fjordane og i artiklar på NRK.no.

Då kjem turen til deg som lesar og lyttar. På nettsida kan du røyste på den kulturidéen du meiner er den beste.

Dei røystene som kjem inn skal saman med juryen peike ut «Årets kulturidé 2012».

Kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane seier at føremålet med kåringa er å løfte fram i lyset eldsjelene som står bak arrangement som er til glede for svært mange menneske.

– Luttredaksjonen i NRK har gjort eit viktig arbeid med å heidre musikkutøvarar i Sogn og Fjordane gjennom Luttprisen. No er turen komen til dei som ikkje står fremst på scenen, dei som har idéane og set dei ut i livet, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pål Fidjestøl

VIL HEIDRE ELDSJELER: Kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Kåringa skal finne stad 11. mai

Fredag 11. mai skal vinnaren kårast i ei direktesending frå Balestrand i samband med Balejazz.

Og vinnaren får altså den nette sum av 100 000 kroner.

Men det kan drype pengar også på andre som sender inn sine idéar, for Sparebankstiftinga vil ta dei med i vurderinga når dei skal dele ut gåver.

Ønskjer du å delta? Då sender du oss ein kortfatta søknad. Denne bør innehalde:

  • Kven som søkjer (hugs telefon og epost til den som er ansvarleg for søknaden).
  • Kort informasjon om ideen/prosjektet (kva, når, kvifor og for kven).
  • Budsjettert totalsum for ideen/prosjektet.
  • Send søknaden til kulturide@nrk.no med «Årets kulturidé 2012» i emnefeltet.

Søknadsfristen er sett til 1. mars 2012.