Jotun er over nedrykksstreken

JUBLAR: Tanja Shalevska, Zsofia Zsekely, Maria Papudieva og Gabriella Horvath fekk etterlenga poeng tysdag kveld.
Foto: Inge Kjell Holme/NRKMed 27-25 over Årstad på bortebane er Jotun over nedrykksstreken. Men trenar Almir Ljajic er ikkje roleg av den grunn.
Publisert 07.02.2012 21:16. Oppdatert 07.02.2012 22:03.
- Skriv ut
- Vi møter eit lag som var mykje betre enn det dei var då vi møtte dei på heimebane. Dei har fått mykje nye spelarar, så et var eit tøft lag å møte, seier Jotun-trenar Almir Ljajic.
Kampen mot Årstad var krevjande, og Ljajic meiner noko av grunnen også låg på Jotun som ikkje klarte å verkeleg vise alt dei kan.
- Vi klarte ikkje å sleppe oss heilt lause. Vi var livredde for å tape, og då torer du ikkje sleppe deg laus. Eg var ikkje sikker på siger før tre minuttar før slutt då vi leia med tre mål, seier Ljajic.
Rebecca scora flest
Jotun var i leiinga meisteparten av kampen, men det var små marginar, og Ljajic er stolt over at laget drog sigeren i land.
- Zsofia Zsèkely står endå ein bra kamp, tek masse skot og fleire straffar. Framover på bana så er Rebecca Brun Steinheim den klart beste. Ho har åtte mål, og er med på mange av scoriingane, så ho gjer ein kjempekamp, seier Ljajic.
Han trekkjer også fram Gabriella Horvath som har stått fram etter at Jannicke Øyre Nundal er ute etter graviditet.
- Gabriella har vorte ei viktig brikke og gjer ein god kamp, seier Ljajic.
- LES OGSÅ:Halve Jotun-laget kan forsvinne
- LES OGSÅ:Gjekk i seg sjølv – Jotun blomstra
Merkar skilnad etter nullstilling
Han merkar godt skilnad etter at både han og jentene vart samde om å nullstille seg då det stod att sju-åtte kampar. Trenaren tok sjølvkritikk for å ha vore for negativ som kampleiar på benken.
- Skal vi vinne kampar må vi gå ut på bana for å ha det gøy. Og det må komme frå meg. Dei må tore å bomme. Eg har vore meir positiv, og det har gitt utslag dei to siste kampane, trur Ljajic.
Trass i at Jotun no er over nedrykksstreken har trenaren slett ikkje sleppt skuldrane ned.
- LES OGSÅ:Jotun har kniven på strupen
- LES OGSÅ:Feil og lågt tempo øydela for Jotun
Er spent på helgas to kampar
- Nei, det kan vi ikkje gjere før sesongen er over. Vi har to viktige kampar, Bekkelaget og Fjellhammer til helga. Vi må halde fram å jobbe kvar einaste kamp, seier Ljajic.
Han gler seg til kampen på Leikanger laurdag, men er spent på publikum.
- Eg håpar dei gir oss heimebane-kjensle, at det er fullt trøkk heile kampen, seier Ljajic.
Måtte vere heime
Sportsleg leiar Torstein Kvam hadde ikkje høve til å vere med på kampen, og sat og sveitta i Årdal.
– Det har vore utruleg spennande. Men no kjennest det utruleg godt. Dette var ein avgjerande kamp, og med siger her, gjekk vi forbi to lag, seier Kvam.

















Brutalt rana heime i eige hus
Queen Mary 2 vitja Aurlandsfjorden