Hopp til innhold

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Helse Førde bør skifte namn til Sogn og Fjordane Helseføretak. Det meiner Pasientombodet i fjordfylket som meiner det noverande namnet ikkje er passande.

Ove Mjåtveit

NYTT NAMN: Pasientombod Ove Mjåveit vil ikkje lenger at helseføretaket i Sogn og Fjordane skal heite Helse Førde.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg trur «Helse Førde» er provoserande for mange, med tanke på den sjukehusstriden som er, seier pasientombod Ove Mjåtveit.

I årsmeldinga for 2011 kjem Pasientombodet i Sogn og Fjordane med følgjande råd: Helse Førde bør byte namn til Sogn og Fjordane Helseføretak.

«Av ein eller annan grunn heiter fylket sitt helseføretak Helse Førde HF og ikkje Sogn og Fjordane Helseføretak. Namnet er misvisande, og truleg også provoserande for mange av innbyggjarane», står det i meldinga.

– Kan vere ein ny start

Etter ti år med føretaksnamnet har Mjåtveit fått nok. Han seier ideen i seg sjølv ikkje er ny, men at dei no kjem med eit heilt konkret forslag.

– Eg gjer dette fordi Sogn og Fjordane er vårt fylket, og det er fylket helseføretaket skal levere tenester til. Det er meir presist å kalle det Sogn og Fjordane Helseføretak, seier Mjåtveit til NRK.no.

Han legg ikkje skjul på Førde-delen av namnet på helseføretaket er noko som fell mange tungt for brystet. Den bitre sjukehusstriden har i fleire år splitta Sogn og Fjordane, og partane har stått steilt opp mot kvarandre.

– Å få eitt nytt namn kan vere ein moglegheit til å starte på nytt, seier Mjåtveit.

Trur ikkje det vil gravleggje stridsøkta

Men sjølv om eit namneskifte kanskje kan vere eit skritt på vegen til betre samarbeid, trur ikkje Mjåtveit at det åleine vil føre til store endringar.

– Det ville vere naivt å trur at dette vil kunne føre til at vi kan grave ned stridsøkta. Men det kan vere eitt skritt på vegen, meiner pasientombodet.

Han seier tanken bak namnet truleg har vore at det skal vere noko i same gata som «Helse Bergen» og «Helse Stavanger». Men denne namnekonstruksjonen passar ikkje i Sogn og Fjordane, held Mjåtveit fram.

– Førde er ikkje noko sentrum på same måten som Stavanger og Bergen. Eg trur dette er eit namn som er laga av nokon som ikkje kjenner kulturen og fylket vårt, seier Mjåvveit.

– Må skrelle av skylappane

Mjåtveit håpar at forslaget blir diskutert, først og fremst i styret i Helse Førde.

– Ein må innsjå at vi bur i eit spesielt fylke. Sjukehusaksjonistane har rett i at geografien er spesiell. Det er store avstandar, der mange har lang avstand til både spesialisthelsetenesta og kommunale helsetilbod, seier Mjåtveit og legg til:

– Helseføretaket må begynne å tenkje Sogn og Fjordane som ei eining og ikkje henge seg opp i strukturane som mellom anna har ført til kortare reisetid.

Pasientombodet håpar at samarbeidet mellom dei ulike regionane i fylket kan bli betre. Om ikkje fryktar Mjåtveit at ein kan kome til å øydelegge helsetenestene for alle som bur i Sogn og Fjordane.

– Det er noko med å skrelle av dei skylappane som partane i denne striden har opparbeidd seg.

– Er Førde i deler av fylket blitt eit skjellsord?

– Eg merkar i mange lesarinnlegg at nokre nærast har lagt namnet Førde for hat. Det er ikkje noko kjekt, seier Mjåtveit.