Hopp til innhold

Vil slå saman kommunar med tvang

Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid meiner talet på kommunar i fylket må ned frå 26 til rundt 10, og han meiner tvang må til.

Kommunekart (samanslåing)

FÆRRE KOMMUNAR: Slik kan det sjå ut om nokre år.

På landsplan vil han ha ein reduksjon frå 429 til om lag 100 til 120 kommunar. Bjørlo har lenge gått inn for friviljug samanslåing, men no meiner han tvang må til.

– Eg meiner at vi kjem ingen veg med friviljug samanslåing, bit for bit. Det tek eviglang tid, og vi får ikkje gjort det som er hovudpoenget, nemleg å flytte makt frå stat til kommune.

– Difor må det tvang frå toppen til, for å få ein kommunestruktur som er rigga til å møte framtida og som snur dagens trend med stadig meir sentralisering av makt og oppgåver oppover til Staten.

Lite har skjedd sidan 1964

Det er i dag 429 kommunar i Norge, den minste er Utsira med berre vel 200 innbyggjarar. I Sogn og Fjordane er det 26 kommunar med Solund som den minste med vel 850 innbyggjarar.

Den siste store kommunereforma var i 1964, då ei rekkje kommunar vart slegne saman, mange med tvang. Sidan den gong har det vore prøvd mange friviljuge samanslåingar. Det har resultert i at nokre kommunar har slege seg saman, men i det store og heile har det vore få kommunesamanslåingar sidan 1964.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alfred Bjørlo

FOR TVANGSSAMANSLÅING: Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For Eid-ordførar Alfred Bjørlo er no tolmodet slutt. Stadig nye og meir komplekse oppgåver for kommunane gjer at tida er overmoden for nye samanslåingar, seier han.

– Vi er nøydde til å få kommune-Norge på offensiven att, vi må få kommunar som er sterke nok til å vere tydelege utviklingsaktørar som kan ta hand om dei store, nye oppgåvene som kjem innan helse, arealplanlegging osv.

– Då må vi ha større og færre kommunar. Det er berre slik vi kan unngå overføring av makt frå små, makteslause kommunar til ein sterk stat med mykje sentralisering.

– Ei stille forvitring

– Vil ikkje dette føre til eit ramaskrik rundt om?

– Eg trur at det er eit sakte ramaskrik i dag med at kommunane litt etter litt blir tømde for oppgåver. Det føregår ei stille forvitring av det lokale sjølvstyret og at kommunane blir litt meir makteslause tilskodarar til si eiga utvikling år for år.

– Men dette vil vel bety at også Eid kommune blir slegen saman med andre?

– Ja, det er klart at det må vi vere førebudde på.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olin Johanne Henden og Noralv Distad (H)

MOT TVANGSSAMANSLÅING: Olin Johanne Henden (H), her på fylkestinget saman med partifelle Noralv Distad.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vil heller ha gulrøter

Høgre er mellom partia som har ivra mest for kommunesamanslåing. Men Olin Johanne Henden, som representerer Høgre i fylkestinget, likar ikkje tanken på tvangssamanslåing.

– Eg er ikkje samd med Bjørlo i at det skal skje med tvang. Det hadde vore ein fordel med større og sterkare kommunar, men eg trur ikkje rette måten er å slå saman med tvang.

– Eg meiner ein må leggje ut nokre gulrøter for at folk skal sjå fordelene. Det er viktig å få robuste og gode fagmiljø rundt om i kommunane og gode tenester til folket.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jenny Følling

MOT TVANGSSAMANSLÅING: KS-leiar Jenny Følling(Sp).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Uaktuelt med Sp i regjering

Og KS-leiar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), seier det er uaktuelt med tvangssamanslåingar så lenge Senterpartiet sit i regjering.

– Den raudgrøne regjeringa har lagt seg på ei linje der det skal vere friviljug samanslåing, og at det skal vere ein lokal oppslutnad om kommunesamanslåingar og at det og skal vere folkeavrøystingar om temaet.

– Tvangssamanslåingar er sjeldan vellukka, det er mest vellukka dersom det er oppslutnad frå lokalpolitikarane. Eit alternativ til samanslåing er samarbeid mellom kommunar, og vi ser at deti mange høve fungerer bra.

Navarsete: Propaganda

Samstundes seier kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) til Nationen at Høgre og NHO driv med propaganda i saka. Bakgrunnen er at Høgre og NHO har presentert ei gransking som syner at to av tre ynskjer ei kommuneregulering.

– Eg trur folk blir påvirka av den massive propagandaen som mellom andre NHO og Høyre står for. Samstundes ser folk at dagens struktur sikrar lokal velferd, verdiskaping og utvikling, seier ho.

Liv Signe Navarsete

'PROPAGANDA': Kommunalminster Liv Signe Navarsete (Sp).

Foto: Arild Gimse / NRK