Hopp til innhold

Fryktar niåring er sakna etter snøskred

Det skal ha gått eit stort snøskred i øvre del av skisenteret på Harpefossen. Leitemannskap fryktar at ein niåring kan vere sakna i skredet.

Snøskredet har gått heilt oppe ved snøgrensa.

SNØSKRED: Det har gått eit snøskred ved Harpefossen skisenter.

Foto: Øystein Torheim

Skredet vart varsla AMK klokka 1153. Ambulanse og luftambulanse er på veg.

– Det har gått utanfor opppmerka løype, og det kan ha vore personar i området. Det veit vi ikkje, men vi held på å kalle ut folk no, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope hos politiet til NRK.no.

Leitar etter niåring

Dagleg leiar Bjørn Kjørstad ved skisenteret stadfestar at det har gått skred utanfor oppmerkt løype. Han stadfestar også at ein person er sakna.

Det er uvisst om personen er sakna som følgje av snøskredet.

– Dei driv å avhøyrer folk i område, men det har vore litt fram og tilbake om ein niåring som det førebels ikkje er gjort rede for, opplyser redningsleiar Ola Vaage hos Hovudredningssentralen på Sola til NRK.no.

150 meter breitt

Ti personar frå Røde Kors, sju personar frå skredgruppa i Ørsta/Volda, samt politiet er førebels inne i redningsarbeidet.

I tillegg kjem luftambulansen i Aalesund med hundar og mannskap frå Norske redningshundar. Luftambulansen i Førde er også framme på Harpefossen.

– Det er kring 150 meter langt og 60–70 meter breitt. Det blir opplyst at det er ein heil rygg som har losna, opplyser politiet.

Røde Kors på staden opplyser til NRK at det skal ha gått tre skred i området. NRK sin reporter på staden, Harald Kolseth, seier at det stadig rasar i området og at det snør tett.

Saka blir oppdatert.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.