Hopp til innhold

Sakna niåring kom til rette

Niåringen som leitemannskap frykta var teken av snøskred ved Harpefossen skisenter i Eid, er komen til rette.

Snøskredet har gått heilt oppe ved snøgrensa.

SØKER: Ingen er sakna i snøskredet, men skredet blir likevel gjennomsøkt.

Foto: Øystein Torheim

Redningsleiar Ola Vaage ved Hovudredningssentralen på Sola forklarar at leitemannskap bakgrunnen for frykta var to lokale niåringar som bort frå kvarandre.

Klokka 1153 vart det meldt at eit kring 150 meter langt og 60–70 meter breitt snøskred hadde gått utanfor oppmerkt løype, i øvre del av skianlegget.

– Vi trudde at nokon hadde sett ein niåring bli tatt av skredet, men det er dårleg sikt i området. Vi veit at dei ikkje gjekk inn i skredområdet. Skredet er godt kjent, og ingen er meldt sakna, seier han til NRK.no.

Utløyst av 16-åringar

– Dei var funnen i ei hytte i god behold. Dei hadde ikkje vore i området der skredet hadde gått, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope, ved Sogn og Fjordane politidistrikt, om niåringane.

Skredet vart løyst ut av to 16-åringar. Desse er no avhøyrde.

– Dei to har forklart at dei utløyste eitt eller to skred, men at dei ikkje såg nokon andre i området, seier Vaage.

Søkjer seg ferdige

Sjølv om ein ikkje lenger mistenkjer at det er folk i skredet, så vil leitemannskap gjere seg ferdig med søket.

Ti personar frå Røde Kors, ei skredgruppe på sju personar frå Ørsta/Volda og to lavinehundar og ein ekvipasje frå Norske Redningshundar i Møre og Romsdal deltek i søket.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.