Hopp til innhold

Rekordhopp kan gje VM-billett

Med eit hopp på 216 meter og ny personleg rekord, er VM biletten nærare enn nokon gong for honndølen Anders Fannemel. Sportsjef Clas Brede Bråthen rosar den nye hoppkometen.

Anders Fannemel
Foto: Josefsen, Jon-Michael, Jon-Michael Josefsen / Scanpix

Under hopprennet i monsterbakken i Oberstorf søndag, flaug honndølene lenger enn han har gjort nokon gong. Han er dermed høgaktuell til VM laget, som blir teke ut i morgon føremiddag.

– Anders har hatt ei kjempefin utvikling sidan han kom med i World Cupen og har kome på pallen i begge lagkonkurransane. Han har utan tvil gjort jobben sin, seier sportsjef Clas Brede Braåthen.

Sjå rekordhoppet på 216 meter her:

Video Fannemel gav Norge en flott start

Fannemel gav Norge en flott start

Viktig brikke i norsk hoppsport

Sportsjefen meiner 20 åringen frå Hornindal har alle kvalitetar som skal til for å bli best i verda. Og kanskje får han vist fram styrken sin når VM blir arrangert i Vikersund 23. - 26. februar.

- Fannemel er svært ambisiøs og er dessutan fysisk sterk. Han er svært ung og lovande, eg er sikker på at vi kjem til å få sjå mykje til han i åra som kjem. Vi får sjå om det held til VM-plass, men han blir uansett ei viktig brikke i hoppsporten framover.

Har svært lyst på VM-bilett

Anders Fannemel sjølv er svært nøgd med ein 3.plass under laghoppinga søndag, og ny personleg rekord på 216 meter. Og han har sjølvsagt svært lyst på ein VM-bilett.

– Eg hadde ein ekstremt god følelse i dag og trefte bra heile vegen nedover. No blir det spennande å sjå kva som skjer i morgon.

Honndølen meiner sjølv han kan hevde seg dersom han kjem til VM, og kjenner det i magen framfor uttaket i morgon.

I alt fem løparar skal med på VM-laget og foreløpig er berre Anders Bardal klar.