Hopp til innhold

Odd-Bjørn misbrukt på Facebook

Odd-Bjørn Hjelmeset har 7729 «likes» på Facebook, men sjølv har han aldri vore registrert på nettstaden.

Falsk Facebook-profil for Odd-Bjørn Hjelmeset

FALSK: Dette er ifølgje Odd-Bjørn Hjelmeset ein falsk profil på Facebook. Nesten 8000 fans kan vere lurt av dei som står bak.

Foto: Skjermdump frå Facebook

– Eg håpar folk forstår at dette berre er fake, og at vi på den måten får stoppa dette, seier Hjelmeset til Firda.

Han avviser på det sterkaste at han sjølv står bak profilen som er oppretta i namnet hans. Her nærmar profilen seg 8000 såkalla «likes», og på bursdagen kom det inn over hundre helsingar frå fjern og nær.

Hjelmeset har vore inne på tanken om å melde saka til politiet. Han er redd også andre kjende idrettsutøvarar kan vere offer for det same.

Han understrekar at meldingar på denne profilen ikkje kjem frå han sjølv.

Odd-Bjørn Hjelmeset
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX