Hopp til innhold

Dette bør skremme løftarane i kampen om kongepokalen

 

STERK: Vebjørn Varlid gjer 220 kilo i frontknebø – noko som tyder på at 200-kilosgrensa i støt er realistisk å klare i helga.

Denne videoen viser kor nær Vebjørn Varlid er å ta 200 kilo i støt. No har sunnfjordingen alvorlege planar om å ta den etterlengta kongepokalen tilbake på heimebane.

– No er det på tide å få kongepokalen heim att til Naustdal, seier Varlid til NRK.no.

– Andre tenkjer nok meir på det enn meg, men eg veit at mange er veldig opptekne av at eg skal ta kongepokalen, humrar han.

Heile klubben siklar etter pokalen

Det bryggjer opp til eit storoppgjer om kongepokalen under NM i vektløfting i Naustdal kommande helg.

For etter at Stian Grimseth hadde monopol på kongepokalen i dei ti åra frå 1995 til 2004, var håpet i Tambarskjelvar at Geir Grønnevik skulle syte for at hegemoniet heldt fram.

Men: Grønnevik stoppa på éin kongepokal før Per Hordnes tok over. No har bergensaren teke seks strake.

– No er det på tide at vi hentar han heim att, seier trenar Gunnar Reiakvam.

(Artikkelen held fram under biletet)

I FROM: Her set Vebjørn Varlid personleg treningsrekord med 190 kilo. Han er i rute framfor NM på heimebane.

Håpar å klare magisk 200-kilosgrense

Den rutinerte trenaren frå Naustdal meiner Vebjørn Varlid no er i posisjon til å kunne bli den beste løftaren under NM – og dermed vinne kongepokalen.

– Heilt klart. Om Vebjørn har full utteljing, trur eg ikkje det er mange som kan ta han, seier Reiakvam.

Etter alt å dømme må Varlid opp i over 160 kilo i rykk – og 200 kilo i støt om han skal klare det store målet. Då vil han i tilfelle vere mellom svært få nordmenn som har løfta 200 kilo over hovudet.

– Det er berre fem som har klart det før. Det er ganske ekstremt, konstaterer Reiakvam.

– No har Vebjørn sikla lenge etter 200 kilogrensa. Men han har aldri vore i så god form som no. Eg blir iallfall veldig skuffa om han ikkje klarer det no. Men det er eit høgt tal, og det er så mykje som skal klaffe, seier trenaren.

Er i betre form enn nokon gong

Sjølv prøver Varlid å konsentrere seg om det han skal gjere, og ikkje så mykje om vekter, heider og ære. Men det er klart han veit kva det handlar om...

– Per Hordnes tok sin første kongepokal i 2006 her i Naustdal. No er det greitt om ringen er slutta, og vi får han tilbake. Då fekk han sin siste på heimebane i fjor, seier 21-åringen.

Han meiner sjølv at han aldri har vore i betre form. Det syner også videoane du ser i denne artikkelen:

  • Varlid har sett personleg rekord med 220 kilo i frontknebøy – noko som tilseier at han skal kunne klare 200 kilo støt.
  • For ti veker sidan sette han ny personleg rekord på trening med 190 kilo i støt.

– Det har losna skikkeleg på trening den siste tida. Eg har lagt på meg litt, og blitt sterkare enn før, meiner Varlid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vebjørn Varlid
Foto: MMS- Aleksander Vallestad / NRK

Håpar på NM-gulldryss

Arrangørane håpar at nokre hundre tilskodarar skal ta turen til Naustdal for å oppleve norske tungvektarar kjempe om kongepokalen.

– Det heng enormt høgt, og eg merkar at mange pratar om denne duellen no. Det er eit stort mål for meg – med kongepokalen er ein den beste i Norge, seier Varlid.

Tambarskjelvar har i tillegg til Varlid håp om fleire andre gullmedaljar under NM.

– Eg held Jantsen Øverås som ein ganske sikker gullvinnar. Dessutan er Steinar Kvame framleis med i gamet, og eg ser ikkje bort frå at han også tek gull. Det kan også Ove Varlid gjere i veteranklassen, seier Reiakvam.

–Blant jentene er Sunniva Bruland og Marit Årdalsbakke i same klasse, og eg trur ein av dei kan vinne. I tillegg er også Trude Raad ein heit gullkandidat, seier trenaren.

Det er påmeldt 88 deltakarar til årets NM i vektløfting. Ifølgje Reiakvam er dette eit rekordhøgt tal.