Hopp til innhold

Tarjei Bø saknar meir lagkjensle

Skiskyttaren Tarjei Bø er kritisk til landslagsoppbygginga. Han saknar meir fellesskap.

Tarjei Bø

VIL HAR MEIR LAGBYGGING: Tarjei Bø meiner det blir for mykje fokus på det individuelle.

Foto: Solum, Stian Lysberg / Scanpix

Aftenposten.no skriv i dag at stryningen tykkjer det er for mykje solokøyring. Dette gjeld spesielt for høgdesamlingane.

– Vi kunne hatt meir lagbygging på desse samlingane, i staden for at vi blir veldig individualistar. Vi bør jobbe meir som lag, seier han til nettavisa.

Neste sesong blir det enno fleire fellessamlingar. Idrettssjef Per Arne Botnan seier dei har bygd eit sterkt landslag med individuelle tilpassingar. Det kan gå på kor mykje høgdetrening ein løpar skal ha i forhold til ein annan.

– Men dette kan gå utover fellesskapet, seier han.

Etter ein heller laber starta på sesongen, ser det no ut til å ha losna for Tarjei Bø. To dagar før VM starta i sa Bø at han er i betre form enn nokon gong denne vinteren. Laurdag skal ha gå sprinten under verdsmeisterskapen i Tyskland.