Hopp til innhold

Opprørde over lang ventetid

Fylkeslegen kjem til å bruke minst fem månader på å vurdere klagesakene frå 12 pasientar som meiner dei er feilopererte av ein dansk handkirurg. Det opprører klagarane.

Bent Inge Mo

OPE BROT: Handleddet til Bent Inge Mo vart operert av Scavenius i 2008.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dette går berre ikkje an. Dette var i media i november 2011, og då lova dei at dei ville arbeide med saka, seier talskvinna for dei 12 som har klaga, seier Else Tystad frå Sandane.

(Artikkelen held fram under biletet).

Else Tystad

GÅR IKKJE AN: Else Tystad er talskvinne for dei 12 pasientane.

Foto: Aadne Gloppestad/Firda Tidend

Vanlegvis tek det i snitt 65 dagar i snitt å handsame ei slik sak hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

I eit brev til pasientane skriv fylkeslegen at dei i verste fall må vente endå lengre på svar i tilsynssaka.

(Artikkelen held fram under biletet).

Bent Inge Mo

SMERTEHELVETE: Bent Inge Mo vart operert av Scanvenius i 2008. Her saman med kona Anita.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Store smerter sidan 2008

Det var i november i fjor at NRK avslørte at ei stor gruppe pasientar var svært misnøgde med resultata av handoperasjonar i Helse Førde. Felles for alle var at dei var opererte av den danske kirurgen Michael Scavenius, og at dei alle har hatt store smerter og plager etter operasjonane.

Mellom dei 12 er Bent Inge Mo frå Lærdal. Han vart operert av Michael Scavenius i 2008. Scavenius var omtalt som ein av dei beste handkirurgane i verda. Men for Mo har livet sidan 2008 vore prega av store smerter. Han går med eit ope brot som ikkje kan gro.

LES OGSÅ: Dei vart alle lova eit betre liv av «verdas beste handkirurg»

Plate stakk ut

Bodil Karin Hundeide Rasmussen frå Nordfjordeid hadde vondt i handa og vart henvist til Scavenius, som sa at han kunne operere handa slik at ho vart heilt fin att og at ho kunne vere i jobb att etter sju-åtte veker.

Slik gjekk det ikkje. Då gipsen skulle takast av etter operasjonen viste de seg at det stakk ei plate ut av armen.. Ho vart til slutt send til Haukeland Universitetssjukehus der dei bøtte på dei verste skadane, men handa fungerer framleis dårleg.

(Artikkelen held fram under biletet).

Bodil Karin Hundeide Rasmussen

PLATE STAKK UT AV ARMEN: Bodil Karin Hundeide Rasmussen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– For lite respekt

I desember skreiv 12 av pasientane ei bekymringsmelding til fylkeslegen. Der ber dei innstendig ber om at sakene deira vert vurderte samla og på nytt. At fylkeslegen no vil bruke fem månader på å gje dei svar er altfor lang tid, meiner Else Tystad.

– Eg meiner dei viser for lite respekt for eit brev der 12 personar har skirve under og der alle har vore feilopererte av Scavenius. Då må dei forstå alvoret i at vi pasientane vil ha eit raskare svar.

LES OGSÅ: Vil vite kor mange som har opplevd mislukka operasjonar i hendene

I snitt brukte fylkeslegen i fjor 65 dagar på handsaming av ei klagesak, medan dei i ni saker brukte meir enn tre månader.

Fylkesmannen har fått inn ei rekkje klagesaker etter at NRK avslørte operasjonsskandalen ved sentralsjukehuset.

Per Stensland

TRENG TID: Fylkeslege Per Stensland.

Foto: Privat

– Heilt naudsynt med fem månader

Fylkeslege Per Stensland slår fast at ei sakshandsamingstid på minst fem månader er heilt naudsynt, ikkje minst fordi saksmengda er omfattande

– Eg forstår godt at folk blir utålmodige når dei har ei sak dei meiner er urimeleg og der dei synest ting burde gå fort. Men når vi skal ha både uttale og journalnotat, og det skal vere vurdering både på førehand og i etterhand så tek det ganske enkelt lang tid.

Else Tystad i pasientgruppa meiner uansett at fylkeslegen no må prioritere å få fortgang i sakene.