Hopp til innhold

Bitter personkonflikt mellom unge Høgre-profilar

Ei personkonflikt mellom Høgre-politikarane Embla Belsvik og Jacob Nødseth har ført til ei avtale som gjer at Nødseth berre kjem til å utøve politikk i Flora bystyre. Han vil styre unna alt på fylkesnivå, både for moderpartiet og Unge Høgre.

Nødseth, Belsvik

IKKJE PÅ TALEFOT: Jacob Nødseth og Embla Belsvik.

Foto: Simon Solheim/Sondre Dalaker / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Flora Høgre sende seint torsdag kveld ut ei pressemelding der dei gjorde greie for det som vart karakterisert som «ei sak av mellommenneskeleg karakter» som har sett eit visst preg på samarbeidet mellom einskildpersonar i sentrale posisjonar både lokalt og på fylkesnivå.

Det er på det reine at det har pågått ei personkonflikt mellom Jacob Nødseth og Embla Belsvik som er leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre.

– Vi vil orientere om at vi har hatt ei sak i Flora Høgre der to av våre profilerte og sentrale politikarar har komme inn i ei personkonflikt med kvarandre. Vi har jobba med å få ei avklaring i den saka og inngått ei avtale slik at dei skal kunne halde fram med sitt politiske arbeid på kvar sine politiske område, seier leiar i Flora Høgre, Vidar Grønnevik, til NRK.no.

Munnleg og skriftleg ikkje på talefot

Han utdjupar konflikten slik.

– Vi snakkar om to unge menneske som gjennom dialog munnleg og skriftleg har komme i ein situasjon der dei ikkje lenger er på talefot, seier Grønnevik.

– Praktisk er det løyst slik at dei to involverte har vorte samde om at den eine skal utøve sitt politiske arbeid i hovudsak i fylkesorganisasjonen til Høgre, og den andre i hovudsak i Flora Høgre, seier Grønnevik til NRK.no.

Sidan begge sit i Flora bystyre, ønskjer partiet at det vert gjort rokeringar.

– Vi vil be bystyret om å gjere ei lita justering slik at dei kan få gjere sitt politiske arbeid i kvart sitt politiske utval, seier Grønnevik.

Trur nominasjonsprosessen går

I pressemeldinga kjem det fram at Nødseth heller ikkje stiller seg disponibel for styreverv eller verv i tilknyting til Sogn og Fjordane Unge Høgre.

– Dette gjeld både i moderpartiet og i Unge Høgre. Det er fordi den andre møter i styremøte i Sogn og Fjordane Høgre og er styreleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre, seier Grønnevik.

– Nødseth har vore spådd ei stor politisk karriere, og vi går eit år i møte med nominasjonar til Stortinget, der er Nødseth første vara. Kva betyr dette for det?

– Eg kan ikkje sjå at denne saka treng å få betydning for det. Det er ein nominasjonsprosess som skal skje seinare, og den vil nok gå sin gang uavhengig av dette, seier Grønnevik.

Er framleis sjukmeld

Nødseth er framleis sjukmeld på ubestemd tid. 13. februar informerte Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen om at Nødseth, som er hans politiske rådgjevar, var sjukmeld på ubestemt tid. Årsaka til sjukmeldinga var ikkje kjend.

Nødseth har i tillegg til å vere medlem av formannskapet og bystyret, fleire politiske leiarverv i Flora kommune.

29. februar stod Nødseth fram i avisa Firda og fortalte kvifor han hadde gått til det steget å sjukmelde seg.

– Politikk handlar om vilje til å få noko gjort. Eg har aldri mangla engasjement, men det tok nok overhand, sa Nødseth til Firda.

Kjende det tårna seg opp før jul

Han fortalde at det veldige politiske engasjementet, tjukke dokumentbunkar, lange og mange møte, og mange menneske som ville ha ein bit av han, samstundes som han også skulle studere, hadde kosta.

Før jul kjende han at det tårna seg opp, og sidan januar har han vore sjukmeld og har lagt både politikk og jusstudiar på vent.

– Både konsentrasjon og motivasjon forsvann. Å møte veggen høyrest ut som ein klisjé, men eg trefte den vel relativt hardt, sa Nødseth til Firda.

At noko var gale, skjønte han under ein joggetur då han var på Stortinget før jul.

– Ein joggetur ned Karl Johan enda i kneståande i slottstrappa, medan pulsklokka ulte. Der og då lurte eg faktisk på om det var slutten, og då forstod eg at eg måtte ta ein pause, sa Nødseth til avisa.

Vil ikkje ha rykte

I pressemeldinga skriv Flora Høgre at dei finn det rett å informere om dette forholdet og kva tiltak partane har komme til semje om.

Dette gjer partiet for at fokuset og energien i partiet kan nyttast til å finne best moglege politiske løysingar for innbyggjarane i kommunen, og for at dei to unge politikarane som er involverte, ikkje skal utsetjast for rykte eller spekulasjonar som ikkje har rot i verkelegheita.