Hopp til innhold

Halvorsen truleg til FFK

Kantspelaren Ole Jørgen Halvorsen blir truleg seld til Fredrikstad FK i løpet av helga.

Ole Jørgen Halvorsen jublar etter straffescoring

PÅ VEG BORT: Ole Jørgen Halvorsen var ein svært viktig spelar for Sogndal i 2011-sesongen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Då Sogndal torsdag kveld spela mot Bodø/Glimt på La Manga stod Halvorsen på sidelinja og såg lagkameratane spele uavgjort.

LES OGSÅ: Uavgjort for Sogndal mot Bodø/Glimt

LES OGSÅ: Sogndal vil selje Flo og Halvorsen

– Avgjerd i løpet av helga

sogn avis.no spurde trenar Jonas Olsson om grunnen, sa han at det er klubbar som er interesserte i Halvorsen, dermed ville det ikkje vera bra om han spela og pådrog seg ein skade,

– Det vil koma ei avgjerd rundt dette i løpet av den komande helga, sa Olsson til avisa.

Mest truleg endar Halvorsen (som kjem frå Sarpsborg) i Fredrikstad, som lenge har vore interessert i å sikre seg den gode kantspelaren frå nabobyen. Pengekrisa i klubben stansar ikkje kjøpet, for no har ein investor sagt seg viljug til å hjelpe FFK.

Viktig spelar for Sogndal

Ole Jørgen Halvorsen kom til Sogndal midt i 2009-sesongen og rakk det året å sette inn eitt mål mot 1. divisjonsmotstandarar. Året etter vart det 13 seriemål i ein sesong som enda med opprykk.

I fjor sette han inn seks mål i eliteserien, fire i cupkampar og fire i privatkampar. I alt har han sett inn 29 mål i dei 107 kampane han har spela for Sogndal. Med sin fart og gå på-innstilling var han ein svært viktig brikke på laget.