Hopp til innhold

Jaktar rømd regnbogeaure i Gulen

Ei ukjend mengd regnbogeaure rømde før helga frå Firda Sjøfarmer sitt oppdrettsanlegg i Leiholmane i Gulen. Røyninga er den 25. i Sogn og Fjordane sidan 2006.

Regnbueørret

RØMD: Så mange som 10 000 regnbogeaurar kan vere på rømmen i Sognefjorden.

Foto: Nævra, Arne / Nævra, Arne

Verksemda opplyser sjølv at så mange som 10 000 fisk kan ha rømd frå lokalitetane som ligg mellom Hille og Hiserøyna. Talet vil truleg bli korrigert ved teljing av fisken i løpet av ei vekes tid.

Fisken veg kring 230 gram, og er verken sjuk eller medisinert.

– Når vi ser på utføringa, med kamera og kikar ned i mærda, så ser det ikkje ut til å mangle noko. Det er vanskeleg å vurdere i ei stor mærd, men vi håpar at det er eit lite tal som har rømd, seier administrerande direktør i Firda Sjøfarmer, Carl Erik Arnesen.

Uvisst tal

– Det kan vere ti fiskar og det kan vere mangfaldige tusen. Det vil vi ikkje vite før vi har tald opp fisken, legg Arnesen til.

Rømminga før helga er ifølgje Fiskeridirektoratet sin statistikk den tredje på tre år ved Firda Sjøfarmer. I 2010 rømde 4 600 regnbogeaurar, medan det i oktober i fjor rømde 8 000 regnbogeaurar.

Holet vart oppdaga før helga. Dykkarar har tetta holet. Arnesen seier dei ikkje veit kvifor det er blitt hol i mærden. I ei slik mærd er det 230 000 fisk.

– Det er ei rift i nota, men vi må først få nota opp før vi veit noko meir om detaljane, seier Arnesen.

Fiskar intensivt

Fylkesmannen oppmodar folk om å melde frå til Fiskeridirektoratet om dei kjem over regnbogeaure. Det er allereie funne rømd fisk i magen på sei som var fiska i nærleiken av anlegget.

Firda Sjøfarmer driv sjølv intensivt fiske i området med over 100 garn. Dei har så langt ikkje fått veldig mykje fisk.

– Dette er veldig uheldig, og noko vi beklagar på det sterkaste. Vi vil gjere alt vi kan for å finne ut av årsaka, og håpar sjølvsagt at det ikkje gjentek seg, seier Arnesen.

– Alvorleg

Røyninga frå Firda Sjøfarmer er den 25. sidan 2006 frå anlegg i Sogn og Fjordane.

Fylkesmannen ser alvorleg på at det igjen rømmer fisk frå oppdrettsanlegg i fylket. Dei oppmodar alle som ser ein liten regnbogeaure, eller sei med regnbogeaure i magen, om å rapportere det til Fiskeridirektoratet.

– No er dei blitt flinkare til å rapportere inn også når det er mistanke om rømming, men alle rømmingar er ei for mykje, seier Gunn Helen Henne ved Fylkesmannen.

3,6 millionar rømlingar

På landsbasis vart det frå 2006 til 2011 vart det registrert 261 episodar med over 3,6 millionar rømde fisk.

– Akkurat kva følgjer ei rømming får, veit ein ikkje. Det kjem an på om den kjem attende til elvane, fjordane og blandar seg med den ville fisken, seier Henne.