Hopp til innhold

Halvorsen er FFK-spelar

Så er det klart: Ole Jørgen Halvorsen forlet Sogndal til fordel for Fredrikstad Fotballklubb.

Ole Jørgen Halvorsen

FRISKUS PÅ KANTEN: Slik Sogndal-publikum vil hugse Ole Jørgen Halvorsen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er aftenposten.no som i dag skriv at overgangen er i orden, og at Halvorsen har signert ein fireårskontrakt.

Ole Jørgen Halvorsen er frå Østfold, og han kom til Sogndal i 2009 frå Sarpsborg. No vender han heim, men blir spelar på laget folk i Sarpsborg elskar å hate, laget frå nabobyen Fredrikstad.

– Vi er naturlegvis glade og stolte over å kunne presentere Ole Jørgen for våre supporterar. Ole Jørgen er ein klassespelar og vil utan tvil vere ein solid tilvekst for oss. Han har vist at han presterer på dette nivået og var i fjor vår ein av Tippeligaens beste offensive spelarar, seier sportssjef Joacim Jonsson i FFK til fredrikstadfk.no.

I Sogndal meiner trenar Jonas Olsson at overgangen ikkje vil påverke førebuingane til sesongen. Han grunngjev dette med at det lenge har vore klart at Halvorsen ville reise frå Sogndal.

– Det er sjølvsagt alltid utfordrande å miste ein profil, men samstundes er det enno viktigare at spelarar skal kome seg vidare i karrieren, seier Olsen ifølgje Sogndal fotball sine heimesider.

Halvorsen kosta Sogndal om lag 800.000 kroner då han kom frå Sarpsborg hausten 2009. Sidan den tid har han spelt 75 kampar og bidrege med 21 mål i Sogndal. Seks av dei kom i eliteserien i fjor, då Halvorsen sin sterke vårform var eit viktig bidrag i å halde Sogndal flytande.

Etter det har forma vore dårlegare og det, i kombinasjon med at dette er siste sjansen til å få att pengar for han, gjer at Sogndal er villige til å selje. Sogndal treng å styrke forsvaret sitt, men har samtidig vore tydelege på at spelarar må ut før nye kan kome inn.

Etter mykje fram og tilbake vart det i dag klart at Halvorsen har spelt sin siste kamp for klubben i saftbygda.