Det er historia om vikingkongen Audbjørn (ca. 840 – ca 870) som Marion Tufteland, Åse Huse, Rønnaug Torheim og deira medsamansvorne håpar skal løfte dei fram som Årets kulturidé i Sogn og Fjordane.
Det er NRK Sogn og Fjordane som saman med Sparebankstiftinga i fylket arrangerer konkurransen med
. I skrivande stund er det kome inn 2 100 røyster i avstemminga.- LES OGSÅ:
– Dette er først og fremst fordi det er kjempemorosamt, men også for å setje fokus på vikinggravfunna i Eid. Vi ynskjer at alle born på Eid skal kjenne til røtene sine. Det har litt med identitetskjensla. Det er viktig at dei kjenner historia si, seier Tufteland.
Ynskjer liv i gatene
Dei fem er to frisørar, ein fotograf, ein blomsterdekoratør og ein kunstnar. Saman har dei jobba fram ideen dei håpar skal trekkje meir folk og liv og røre i eidsgatene på laurdagar.
Etter planen skal vikingspelet gå over tre laurdagar, der den siste «grande finale» blir laurdagen under Eidamessa. Eit vikingspel er isolert sett ikkje noko nytt, men få, om nokon, kan skilte med tilsvarande midt i beste handletid. Det er også gratis å sjå.
- LES MEIR: Myklebust – den eldste storgarden
– Vi ynskjer masse liv i gatene, glade menneske og born som spring rundt og har det kjekt, og som gler seg over spelet vårt, seier Tufteland.
– Litt skummelt
Med seg på laget har kvinnene Rønnaug Torheim som manusforfattar. Ho fortel spelet går ut på den evige kampen mellom gode og vonde, snille og slemme og dumme og kloke.
– Det blir lett tilgjengeleg for alle. Enkel og grei dialog, litt slåsting, men det skal ikkje flyte blod altså. Det blir hyggjeleg, men litt skummelt, seier ho.
- LES: Meir om vikingfunna på Myklebust i Fylkesleksikonet
– Kong Audbjørn var nok ein skikkeleg råtass ute på havet når han gjorde jobben sin. Men vi innbiller oss han var rettferdig og god konge når han var heime, legg ho til.
Spent jury
Med kommunal støtte gjennomførde kvinnene ni prosjekt til stor glede for handlande. Då tankane streifa innom den lokale småkongen over Firdafylke, vart det bensin på bålet for eit nytt prosjekt.
Dermed var søknaden poststempla Eid
. Endåtil kom kvinnene med i finaleheatet plukka ut av juryen ved Pål Fidjestøl, Laila Beate Førde og Steinar Fredheim.– I tillegg til at spesielt går i fleire episodar, så skal dette vere folkeleg og humoristisk spel. Det har vi ikkje så mange av i Sogn og Fjordane, meiner Førde.
– I god rute
Juryen er i vurderinga likevel usikker på om det er kultur eller næring som kjem først i ideen.
– Vi tykkjer det er kjekt å få fram historia. Får vi folk som kjem for å sjå spelet til å vere lenger i gatene, så er det ingen som foraktar at dei handlar. Men intensjonen er å dele med andre, fortel kvinnene som meiner å vere i god rute med planlegginga.
– Det som er så fantastisk her på Eid, er at det er så mange «ja-menneske». Dei vi har vore i kontakt med har sagt «ja, vi vil vere med». Om det er skodespelarar eller folk elles, så trur vi dette skal gå heilt fint, avsluttar dei.