Det er Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) og Direktoratet for naturforvalting som i dag skal legge fram sine syn på sjødeponi i Førdefjorden. Tilrådingane frå desse to etatane blir viktige når Miljøverndepartementet skal ta endeleg avgjerd i saka.
- Du kan følgje pressekonferansen på nettsida til Klif.
– Kan bli avgjerande
Anne-Line Thingnes Førsund i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe er spent før møtet. Ho trur konklusjonane i dag blir avgjerande.
– Eg trur svaret frå desse instansane kan medverke til korleis dei norske fjordane skal forvaltast heretter.
Planane om eit fjordeponi i Førdefjorden er svært omstridde. Nordic Mining vil vinne ut mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal og 140 millionar kubikkmeter overskotsmasse kan bli dumpa i fjorden dei neste 40-50 åra.
(Artikkelen held fram under biletet).
– Ventar at dei frårår fjorddeponi
Klokka ni i føremiddag legg Klima- og forureiningsdirektoratet og Direktoratet for naturforvalting, fram sine syn på saka.
– Vi ventar at dei vil rå frå at det blir sett i gang nye fjorddeponi i Norge, og vi ventar at dei vil forhalde seg til den maritime ekspertisen som har uttalt seg og som frårår fjorddeponi, seier Anne-Line Thingnes Førsund.
Fleire tunge faginstanar i havnæringa har nemleg gått imot eit deponi i fjorden. Synspunkta som kjem fram i dag er ein del av grunnlaget når Miljøverndepartementet skal ta den endelege avgjerda om gruveselskapet får etablere seg i Vevring.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Thingnes Førsund skal vere til stades på møtet i Oslo i dag.
– Dette blir slaget om dei reine norske fjordane, og biletet verda har av dei kjølege, rike, reine norske fjordane som er grunnlaget for sjømatnæringa, for reiselivsnæringa og all busetnad i kyst-Norge.
Miljødepartementet kan ikkje seie noko om når ei endeleg avgjerd i saka kjem.