Hopp til innhold

- Klif med viktig avklaring

Nordic Mining meiner gruveprosjektet i Vevring er godt nok utgreidd, men adm. dir. Ivar S. Fossum har likevel forståing for at Klima- og forureiningsdirektoratet vil ha meir kunnskap på ein del område.

Ivar S. Fossum
Foto: Rune Fossum / NRK

– Engebø-prosjektet har hatt ei lang reise så langt, men no har vi iallfall fått ei viktig avklaring: Klif, som er landets tyngste fagetat innan miljø meiner at sjødeponi er den totalt beste måten å lagre overskotsmassen på.

– Godt nok utgreidd, men...

– Vi meiner prosektet er godt nok utgreidd, men samstundes har vi forståing for ynskjet frå Klif om meir kunnskap på enkelte område. Vi ynskjer å gå i ein konstruktiv dialog med styresmaktene om dette.

– Kva har det å seie for prosjektet at det blir minst eitt års utsetting?

– Eg skal ikkje spekulere for mykje på det. Vi tek til etterretning at Klif totalt sett ser på fjorddeponi som ein trygg og forsvarleg metode.

LES OGSÅ: Eitt års utsetting for Førdefjorden

LES OGSÅ: Viktig dag for Førdefjorden